– Dette blir kjempegreier! seier Magne Stavik. Saman med Tormod Aspås er han mellom dei som ønskjer deponi for farleg avfall velkommen.

– Det blir feil å seie nei berre for å seie nei, utan å vite. Når konsekvensutgreiinga kjem, kan vi vite. Og om det da er fnugg av minus, så vert det jo ikkje noko av, seier Aspås.

– Eg er positiv til det motsette er bevist, eg meiner det har blitt for mykje syting om elendigheit, seier Stavik.

Ringverknader

Dei to håper deponiplanen vert realisert.

– Om det vert lagt hit, vil det få store og positive ringverknader. Det vil bety mange arbeidsplassar, og ikkje minst vil det måtte bety at vi må få ny veg her i bygda. Dei store lastebilane som må frakte last til og frå kaia, går ikkje gjennom dagens tunnel, så da må vegen oppgraderast. Det blir bonus, seier Stavik og smiler.

Aktivitet

– Vi ser for oss auka aktivitet i bygda, og nye arbeidsplassar. Om det vert 50, så er det kjempebra, resten er bonus. Om ein samanliknar med Langøya så er det ikkje urimeleg. Det blir ringverknader med oppdrag for entreprenørar, på betongsida, for snikkarar, røyrleggarar, på installasjon og andre oppdrag. Også innan handelsbransje og sørvisnæringar vil dette komme til å merkast, meiner dei to. Og legg til at dette kan bli det nye, «grøne» Nesset, med fagmiljø for resirkulering.

– Kva med risiko?

– Det er ingen som ønsker forsøpling eller forgifting. Politikarane våre har sagt ja til dette, og det finst lover og reglar for som må følgjast. Vi stoler på at departementet har kontroll, seier Stavik.

– Det er mange fagfolk som er inne og gjer ein profesjonell jobb med å kartlegge forholda, vi må stole på dei. Teknologi vil dessutan bidra til at dette vert heilt trygt, seier Aspås.

Båttransport

Dei er heller ikkje urolege for transporten til deponiet.

– Det blir mykje båttrafikk, men dagens båtar er sikre og gode, dette trur eg skal gå bra, seier Aspås.

– Og tenk så flott å sitte her og sjå ut på all båttrafikken, seier Stavik – med utsikt nesten til kaiområdet.

– Ein del fryktar for omdømme, kva tenker de om det?

– Det vil ikkje bli dårlegare, det kan heller hende at det vil få eit oppsving, seier dei.

At deponi for farleg avfall skulle bety at andre arbeidsplassar kjem i fare, har dei lita tru på.

– Turistar kjem nok hit som før. Men vi må framsnakke, heller enn baktale. Det er greitt å vere skeptisk, men det må ikkje ta av, seier dei.

– Korleis pregar saka bygda?

– Det blir jo snakka om, og det er nok ulike meiningar, som det bør og må vere. Nokon er for, nokon er mot. Eg for min del kjenner folk som er både for og mot – og respekterer det, seier Aspås.

– Men det er klart, det er til dels høg temperatur både i media og på sosiale media i denne saka. Det blir vel litt slik «I he rett, ikkje du», seier Stavik.

– Flyttar om det vert deponi

Mellom dei som ser på planane på ein heilt anna måte, er Synnøve Harstad.

– Utruleg nok er det mange som er for, lenger oppe i bygda her. Men i området her nede i «Bukta» er nok dei fleste imot, seier Synnøve Harstad.

Ho bur i nabolaget like ved det muleg kommande deponianlegget på Raudsand, og er mellom dei som er kritiske.

– Vert det deponi, flyttar eg! Det er uaktuelt for meg å ha eit slikt deponi som nabo. Eg klarer ikkje å sjå dette som ei gullgruve, tvert om handlar dette for meg om søppel av verste sort, seier Harstad.

Investerte

Ho har budd på Raudsand sidan 2013, og kjøpte hus her fordi det var rimeleg, stilt og roleg.

– Hadde dagens planar vore aktuelle, hadde eg aldri kjøpt. Eg har lagt alle sparepengane mine her, den investeringa går nok «rett på ræva» om deponiet vert realitet, seier Harstad.

Langøya

Ho har vore på Langøya og sett deponiet der på nært hald.

– Det vert sagt at det har gått bra på Langøya. Men det har vore eksplosjonar, og det er flaks at ikkje folk har komne til skade. Når ein driv med farleg avfall, er det alltid risiko – at deponiet er inne i fjellet gjer det ikkje betre, seier Harstad.

I tillegg til risikoen, er Harstad uroleg for transporten.

– Driten må fraktast langs kysten, så det er jo ikkje berre her det vert risiko. Båtane må forbi Hustadvika og andre vêrharde strekningar.

– Kommande generasjonar

Synnøve Harstad meiner det er viktig å markere motstand mot deponiplanane, med tanke på komande generasjonar.

– Våre etterkommarar fortener at vi stiller kritiske spørsmål og tenker langsiktig, sjølv om det kan komme nokre positive effektar av dette på kort sikt. Vi snakkar om farleg avfall som vert liggande for all framtid, seier Harstad.

– Erna Solberg gikk ut og svarte ein bekymra 11-åring i Brevik. Men det er faktisk barn på Raudsand også, som også er bekymra. Vi som bur her føler at det ikkje er så nøye med oss, bygda har alltid vore «Nessets avfallsplass». Politikarane bryr seg ikkje, dei ville neppe foreslått å plassere tilsvarande i Eikesdalen, seier ho.

– Men det trengst arbeidsplassar i Nesset?

– Ja, arbeidsplassar er viktig, men ikkje uansett pris. Og kva med eksisterande arbeidsplassar som er avhengige av fjorden? Er ikkje dei ilke viktige? undrar Harstad.

– Kommunen burde uansett tenke også på innbyggartalet, og sette folk og framtidig miljøomsyn framfor søppel og kortsiktig gevinst, seier Harstad.

– Korleis opplever du at planane pregar bygda?

– Det er nokså harde frontar. Vi som er kritiske, opplever å få ganske stygge meldingar og kommentarar. Ein må rekne med å bli mislikt, men det får våge seg. Det viktige er at dette ikkje vert ein miljøskadeleg plass å bu – for alltid.

Synnøve Harstad vil flytte frå Nesset om deponiet for farleg avfall vert ein realitet. – Ein del av dei som bur her, bryr seg om ikkje om «miljø». Dei meiner ein må stole på det styresmaktene kjem fram til – sjølv om bygda her er eit stort eksempel på at ein nettopp ikkje bør gjere det, seier Harstad. Foto: Erik Birkeland