RAUDSAND / NESSET: Harald Storvik og John Strand, dagleg leiar og styreleiar for Bergmesteren Raudsand AS, står på «Semco-tomta» ved Tingvollfjorden.

Tunnelen dei tenker på, er innførselstunnelen til fjellhallar dei vil etablere for å ta i mot farleg avfall i stor skala på Raudsand.

Fjellkvalitet

Om fjellet på Raudsand held god nok kvalitet, er eit sentralt punkt når det gjeld val av lokalitet til det nasjonale deponiet. Raudsand og Brevik står no igjen som aktuelle lokalitetar for etablering av nasjonalt deponi for farleg avfall. Det noverande deponiet på Langøya er i ferd med å fyllest, og nytt må på plass i løpet av næraste tid.

– Vi har fått utført ei rekke undersøkingar av fjellet, vi har sett på type fjell, på foldlinjer i fjellet, om det er oppsprekt og om det er vassig. Her vi tenker deponiet for farleg avfall, er det granittisk gneis, som er ein tett fjelltype av god kvalitet. Geologane har gitt tommelen opp, ein førebels rapport viser at fjellet her er godt eigna, seier Harald Storvik.

– Vi har brukt mykje pengar på å sjekke dette, det er grunnleggande med tanke på om det i det heile er aktuelt med etablering av deponi her, seier styreformann Strand. Han er også juridisk direktør ved Veidekkes hovudkontor i Oslo.

Ny aktør

Også ei anna brikke er no i ferd med å falle på plass: Firmaet Stena Recycling vil gå inn som industriell aktør om brikkene fell på plass i Bergmesterens favør.

– Eg hadde møte med dei førre veke. Dei er kanskje Nordens største aktør på feltet, dette er svært lovande, seier Storvik.

– Dette er viktig. Veidekkes område her er tunneldrifting, kaibygging og den slags – vi treng i denne samanhengen også ein stor aktør på avfall, seier Strand.

Investerer

Storvik og Strand har stor tru på prosjektet, og opplyser at det er snakk om investeringar på mellom ein halv og ein milliard kroner.

Storvik anslår at handtering av avfallet kan gi 0,5 – 1,2 milliardar kroner i årleg omsetning.

– Her er det er snakk om lukrativ forretning?

– Det veit vi ikkje enno, det kjem an på fleire faktorar. Men vi gjer ikkje dette for veldedighet, nei, vi håper jo å tene på dette helst på nivå med det andre aktørar i bransjen gjer, seier Storvik.

– Det må vere økonomi i eit slikt prosjekt, elles går det ikkje. Prosjektet må også ha ein viss storleik for at det skal vere økonomi i det, poengterer Strand.

Farleg avfall

Planane som dei er skissert, omfattar å ta i mot 500.000–600.000 tonn farleg avfall i form av flygeaske og brukt, forureina svovelsyre. Avfallet er tenkt frakta til Raudsand sjøvegen, for så å bli lagt i hallar, ein kilometer inne i fjellet, og under havnivå. Planen er å sprenge nye hallar medan andre vert fylt, og skipe ut stein og pukk.

Utfylling og kai: Slik kan det bli på 110 mål store industriområdet, med steinfylling på 2,77 millionar kubikkmeter.Skisse: Bergmesteren Raudsand

– Vi planlegg ein hall i året, i første omgang 20 år fram i tid.

Men det er god plass her, så her kan ein halde på både 80 og 100 år om ønskjeleg. Nettopp det å ha eit langt perspektiv er gunstig i planlegging av denne typen anlegg, seier Strand.

– Korleis er avfallet konkret tenkt lagra?

– Avfallet vert nøytralisert og stabilisert, og går over i fast form. Så vert det lagt direkte i fjellhallen, som vert fylt heilt opp og lukka som ein sarkofag, seier Storvik.

– Kva med oppfølging og vedlikehald?

– Det kan vere aktuelt å bygge ein ekstra tunnel under for å halde kontroll med avsig, slike ting veit vi først når ein går i gang og ser korleis fjellet oppfører seg.

– Men avfallet skal lagrast evig–kven følgjer opp etter dykkar tid?

Motstand

– I Brevik har det vore stor motstand mot etablering, medan det her inntil nyleg har vore «stilt». No er motstandarar på banen også her, kva tenker de om det?

– Det er godt forståeleg at folk er skeptiske, og ryggar ved tanke på «farleg avfall». Vi vil også ha det trygt, og følgjer opp strenge krav, basert på fakta, seier Strand.

– Kva har folkemeininga i lokalsamfunnet å bety?

– Det betyr mykje for oss å ha folk med oss. Lenge opplevde vi det slik, men ser no også at ein del uttrykker skepsis. Her er det viktig å peike på at vi har seriøse og langsiktige aktørar med, poengterer Strand.

Ryddar i gamle synder

Parallelt med planlegging av nytt deponi for farleg avfall, driv Bergmesteren mottak av lett forureina avfall, særleg masse frå byggeplassar.

Ryddejobb – Dette er ikkje særleg stas. Vi er no i gang med å rydde søppel som ligg igjen frå tidlegare aktørar, seier Harald Storvik og John Strand. Foto: Bjørn Brunvoll

På «Deponi 1» viser dei fram ein gammal dagbrotlokalitet som er i ferd med å bli fylt opp, og som så skal dekkast med vegetasjon. Lenger oppe ligg dalsøkk fylte med svære sekkar med møllestøv frå aluminiumsindustri. Dei ligg som dei har lege i 15 år.

– Dette er ille. No tek vi jobben med å rydde opp i andres «gamle synder». Det er kompliserte tomteforhold med fleire statlege aktørar inne. No har vi teke kontroll på avsig, og skal fylle over. Om 10 år er det dekka til, seier Bergmesterens representantar.

John Strand og Harald Storvik med kart over området på Raudsand der dei vil utvide verksemda. Foto: Bjørn Brunvoll
Asfaltering av område som skal brukast til mellombels lagring av ordinært avfall. Foto: Bjørn Brunvoll