NESSET: – Det var ein glipp. Eg skulle ikkje ha stemt for dette, seier Ivar Trælvik.

Snur

Kommunestyrerepresentanten var med og stemde for planprogrammet som ønska velkommen Bergmesteren Raudsand.

– Etter som eg tenkte meir over saka og mulege konsekvensar, har eg angra. Eg har sjølv budd på Raudsand fleire år. Bygda har vore kommunens bakgård, og hatt meir enn nok av ulemper frå industrien opp gjennom, seier Trælvik. Han viser også til at fjorden som har vore sterkt forureina av tidlegare aktivitet, no er i ferd med å komme seg – denne må ikkje igjen komme i fare.

Jobba i gruva

Trælvik refererer også til sine erfaringar frå tida han arbeidde i gruvene på Raudsand.

– Det var problem med innsig av vatn, ein måtte ha store pumper gåande for å halde unna, seier Trælvik.

– Men eit deponi no skal plasserast i fjellhallar?

– Ja, men eg meiner at fjellmassivet over gamleguva heller ikkje er tett. Det er uforsvarleg med store hallar for deponi av farleg avfall her, seier Trælvik.

– Vil det ikkje vere fornuftig å vente med konklusjon til konsekvensutgreiinga er på plass?

– Tja. Konsekvensutgreiinga kjem jo einsidig frå utbyggar, så den er eg uansett skeptisk til, seier Trælvik.

– Men Nesset treng arbeidsplassar, er ikkje det viktig?

– Jau, men ikkje for ein kvar pris. Vi ønskjer arbeidsplassar som ikkje medfører ulemper, her må ein sile ut kva ein vil satse på. Eg trur fleire politikarar har kome i tvil, og er i ferd med å endre standpunkt i denne saka, seier Trælvik, utan å ville konkretisere dette.

– Ingen kommentar

Nesset-ordførar Rolf Jonas Hurlen (H) har ikkje fått signal om at kommunestyremedlemmer er i ferd med å skifte meining. Han har ingen kommentar til at Trælvik snur.

– Lokalt veit eg ikkje om andre, men eg har fått med meg at KrF i fylket no går i mot. Det står dei naturlegvis fritt til. Det blir fleire rundar om dette framover, seier Hurlen, og viser til at framlegg til reguleringsplan kjem til hausten.

Gruppeleiar for Nesset Arbeiderparti, Torhild Melheim Strand, vil heller ikkje kommentere Trælviks skifte av standpunkt.

– Det har eg ingen synspunkt på, seier ho.

– Korleis er stemninga i Ap-gruppa, er nokon i ferd med å skifte meining?

– Dette har vi ikkje til behandling no. Eg snakkar for min eigen del, og meiner som før at vi skal vente på konsekvensutgreiinga.

Om den viser at dette ikkje er bra, så blir det sjølvsagt ikkje noko av deponiplanane, seier Melheim Strand.

– Ropar «Ulv»

Ho er elles kritisk til media, som ho meiner haussar opp innvendingar mot deponiet.

– Meiner du at saka ikkje bør snakkast om?

– Nei da. Men det er ikkje vits å rope «Ulv, ulv» så lenge vi ikkje har kunnskapsgrunnlaget på plass. No kjem det utspel frå alle kantar, det vert slengt ut påstandar i vilden sky, seier Melheim Strand.