NESSET / MOLDE: Mørebenken har tidlegare uttrykt seg positivt om planen om deponi av farleg avfall på Raudsand. Seinare har motaksjonen «Jeg vel meg et giftfritt Nesset» kome på banen. Kva betyr dette for politikaranes syn? Og kva moment meiner dei bør vege tyngst?

Steinar Reiten (KrF): (Påtroppande førstekandidat) – Vi går til val på at vi ikkje ønskjer deponi for farleg avfall på Raudsand. Ein ventar enno på konsekvensutgreiinga, men vi går ut frå «føre-var-tenking», og kjem derfor til at vi er i mot. Ein kan aldri vere sikker, ting kan gå gale. Dessutan vil vi ikkje vere med på å ta dette avfallet inn i fjordsystema her.

– Kva med behovet for arbeidsplassar?

– Det er forståeleg at Nesset er positiv til ny aktivitet, men dette må sjåast i eit større perspektiv. Andre næringar vil bli påverka, ikkje minst vil omdømmeproblem bli påtrengande uansett kor sikkert ein meiner dette er, seier Reiten.

– Men ein plass må eit slikt deponi vere?

– Ja, dette er eit svarteperspel. I Brevik har det vore store protestar, med stort engasjement for at det ikkje skal ligge der. Men det er ikkje betre å ha det på Raudsand enn i Brevik, seier Reiten.

Helge Orten (H): – Eg har vore positiv til initiativet som er teke av deponiaktørane og Nesset kommune, og medverka også til møte i departementet med statsråden der dei fekk presentere planen. Så har eg registrert at det no er fleire som uttrykker skepsis. I ein slik fase er det klart at det er legitimt med interesser både for og imot. Sjølv vil eg ikkje ta endeleg standpunkt før konsekvensutgreiinga er gjennomført, og departementet har gjort sine vurderingar. Alle fakta må på bordet, seier Orten.

– Det viktigaste er at folk kan kjenne seg heilt trygge og ikkje ha frykt for at noko kan gå gale.

Det er eit ansvar for dei som søker om å starte denne type deponi. Omsyn til forsvarleg transport må vektleggast, samt mulege konsekvensar for omgjevnadane, seier Orten.

– Omdømmeargumentet er meir politisk avhengig, og basert på kva ein vektlegg. Både tryggleik for folk og næring, og verdien av forsvarleg deponering har betydning.

Grundig konsekvensutgreiing av fagfolk med stort truverd er avgjerande for den endelege avgjerda, seier Orten.

Else-May Botten (Ap): – Da dette vart lagt fram for oss, fekk vi inntrykk av at konsekvensutgreiinga var kome lenger. Det blei sagt at Nesset kommune var for dette, og eg oppfatta ikkje at det var berre fordi det vil kunne bidra til nye arbeidsplassar, men også tryggleik rundt miljøaspektet i saka, seier Botten.

Ho opplyser at ho i ettertid har hatt kontakt med mange som har engasjert seg, både ordførarane i nabokommunane og næringsaktørar i området.

Botten har forståing for at folk er bekymra og redde, og synest det er naturleg at det blir engasjement rundt ei slik sak.

– Eg har stilt spørsmål til statsråd Helgesen om saka, og meiner at det no er viktig å få på plass ei konsekvensutgreiing, slik at ein diskuterer same faktagrunnlag, seier Botten.

– Det er positivt med nye arbeidsplassar, men det blir ikkje akseptert at dei kjem på kostnad av eksisterande arbeidsplassar i området, eller miljøomsyn, seier Botten.

Pål Farstad (V): – Eg har uttrykt meg positivt sidan dette kan gi arbeidsplassar og aktivitet i Nesset og i regionen. Det er viktig for meg som næringspolitikar. Samtidig må muleg risiko ved ei slik etablering utgreiast, både for deponi og transport.

Arbeidsplassar er viktig. Men om det er fare for miljøulemper så store at det er fare for skade på omdømme, og eksisterande eller framtidige arbeidsplassar knytt til sjøområda, kan eg ikkje vere med på det. Denne vurderinga har eg ikkje nok kunnskap til å ta no, her må meir kunnskap på bordet, seier Farstad.

– Venstre har nulltoleranse for sjødeponi, vi vil ha landdeponi. Derfor opnar eg for at dette er OK, føresett at sikkerheit er varetatt og at det ikkje medfører risiko for miljøet. Eg er kjend med aksjonsgruppa, og liker engasjementet. Det vil gi sterkare miljøfokus, og meir kunnskap om prosjektet.

Jenny Klinge (Sp): Er for tida sjukemeldt, men har denne kommentaren: – Det er verdt å nemne at Mørebenken berre fekk ei orientering på tre minutt om deponiet. Vi har ikkje tatt stilling til saka, og skal heller ikkje stemme over ho. Eg ytra meg positivt til å bidra til at Bergmesteren Raudsand kunne få svar på eit brev dei hadde sendt til eit departement. For min del var dette det einaste konkrete eg sa om saka, altså at eg til dømes kunne sende eit skriftleg spørsmål til statsråden om dei ønskte det. Dette er opplagt ei vanskeleg sak, men omsynet til naturen må gå først. Vurderingar om dette bør vera kunnskapsbaserte og grundige, og eg forventar at miljømyndigheitene tek saka på alvor, seier Klinge.

Frp har ikkje svart på RBs spørsmål.

Høgre: Helge Orten. Foto: Bjørn Brunvoll
Sp: Jenny Klinge. Foto: Privat
Venstre: Pål Farstad. Foto: Richard Nergaard
AP: Else-May Botten. Foto: Richard nergaard
KrF: Steinar Reiten. Foto: Olav Skjegstad