Hilde Aspås i Ikuben viser til at VR-teknologi som har vore brukt mykje til dataspel, no vert relevant også for industri. Mellom eksempla på at slik teknologi også er aktuell for bruk i næringslivet, nemnde Aspås hjelmen frå SHM Solutions, med spesialvisir som kan vere til stor hjelp mellom anna for havbruksnæringa.

– Når eit teknisk problem oppstår, kan lokale folk ta på hjelmen, og kople til. Ein kan få fjernsupport frå ekspert, og på visiret kan ein få opp vising av viktig informasjon for å løyse det aktuelle problemet, forklarer Aspås.

På denne måten vil lokale aktørar kunne løyse problem på staden, der ein før fysisk måtte hente inn eksperten.

– Kunnskapen og teknologien finst, den må berre tilpassast og takast i bruk, sa Aspås.

Ho poengterer at dette vil kunne bety store innsparingar, med tanke på kostnader ein unngår ved å kunne ordne opp sjølv lokalt.