– Kvar dag opplever eg at bedrifter seier «Neitakk, vi har det for travelt», når det vert snakk om innovasjon og digitalisering. Men dette kan ikkje vente, sa dagleg leiar i Ikuben, Hilde Aspås, under sitt innlegg på Nessetkonferansen før helga.

Innovasjon

Ho starta innlegget om omstilling i næringslivet med å slå fast at Møre og Romsdal er gode på innovasjon, men innovasjon av den stegvise typen der ein endrar og forbetrar litt etter litt.

– Samtidig manglar vi innovasjon av den «radikale» typen, der ein set i gang med noko heilt nytt. Det treng vi no, når vi står i ein situasjon der vi må ha noko nytt til erstatning for det oljebaserte. Vi må i tillegg forholde oss til klimaendringar og digitalisering, sa Aspås. Og poengterte at innovasjon er avhengig av diskusjon – det gjeld at ikkje alle tenker likt.

Teknologi

Aspås skisserte den store utviklinga innan digitalisering, kunstig intelligens og industrielt internett (Internett of Things).

– Ei rivande utvikling er på gang, det vil før eller sidan komme til alle bransjar. Det er kompetanse som gjeld, og å ha ein plan for omstilling. Bedrifter må gjere seg kjende med ny teknologi, og finne ut av korleis dei kan gjere seg nytte av den, sa Aspås, og nemnde fleire eksempel (sjå eigne saker).

– Robotar, bruk av solenergi og energilagring er nye ting som vil komme for fullt. 3D-printing vil også bety ein ny situasjon, sa Aspås.

– Må ha strategi

Ho viste til at mange land har plan for digitalisering, slik er det ikkje i Norge.

– Det er viktig at kvar bedrift ser på kva strategi dei bør ha med tanke på innovasjon og teknologibruk. Vedtaka dei gjer bør vere basert på kunnskap om kva dette vil få å bety for bedrifta, sa Aspås.

Omstilling

Hennar klare oppfordring var at bedriftene må at seg tid til å ta dette på alvor. Og gjerne oppsøker den tverrfaglege Ikuben for assistanse.

– Omstilling og nytenking er nødvendig. Det vert ikkje betre av å utsette ting, da vert det gjerne enda vanskelegare fordi ein i tillegg til å ha det travelt, også har fått vanskeleg økonomi, sa Aspås.

– Må henge med

Under konferansen var det fleire som var interessert i temaet, mellom dei Rune Toven, prosjektleiar i Angvik Byggkompani.

– Også vi i byggebransjen må tenke nytt, det er stadig utvikling å henge med i. Vi må vere med på endringane, sa Toven i samtale med Aspås.

Rune Toven i samtale med Hilde Aspås under Nessetkonferansen. Foto: ANITA VINGEN