Nils Kobbevik er kritisk til Redningsselskapet etter at han og kona Toril Sele hamna i havsnød fredag da dei fekk motorstopp i dårleg vêr aust om Bjørnsund.

Dei blei berga av supplybåten Troms Sirius som var i nærleiken, og ambulansebåten Dr. Riiber som tok dei i slep heim til Tornes.

Etter hendinga er Kobbevik kritisk til Redningsselskapet:

– Vi er totalmedlemmer der for å få hjelp når vi treng det, men det fekk vi ikkje i dag, seier han, og viser til at RS Maersk på Aukra har vore og er ute av drift.

– Hadde ambulansebåten Riiber vore på viktig oppdrag med pasientar, kunne situasjonen blitt mykje verre. Dei sett folks liv i fare når redningsskøyta ikkje er i orden, seier han.

Tilbake medio mai

Rbnett snakka fredag kveld med Tomm Gran, ansvarleg for helse, miljø, tryggleik og kvalitet i Redningsselskapet nasjonalt.

Han fortel at RS Maersk har vore ute av drift etter ei hending i starten av januar som førte til skader på båten.

– Den har vore til reparasjon ei stund. No er den ute frå verftet, og vi er i ein prosess for å få båt og mannskap operative så snart som råd, seier han.

– Kva står att for å få båten i drift igjen?

– Når vi har slike hendingar, gjer vi ein del øvingar for å sjå at alt er i orden, og for å kvalitetssikre nivået på det vi gjer, seier han.

Han trur RS Maersk vil vere tilbake på plass og operativ i midten av mai ein gong.

– Når ei av skøytene våre er ute av drift, vil alltid lokalsamfunnet reagere på det. Det viser at det er viktig at vi er der. Men nokre gonger tar ting litt tid å få på plass. Vi har altså ein del prosedyrer vi går gjennom etter ulike hendingar. Det er ein del av internkontrollen vår, for å sikre utstyret og for å sjå til at dei frivllige har fått den kompetansen dei treng.

Hendinga i starten på januar, som skjedde under ei øving, ga skader berre på båten.

Ekteparet Toril Sele og Nils Kobbevik pusta ut i båthamna på Tornes etter den slingrande ferda heim igjen frå Bjørnsund. Dei fekk motorstopp i dårleg vêr og måtte ha assistanse. Ifølge Toril var katten Lillepus den som tok det mest roleg om bord, og også sovna ei stund. Foto: Oddbjørn Harnes
Ein frå mannskapet på Dr. Riiber kveiler opp tau dei brukte til slepet av Bjørnungen. Foto: Oddbjørn Harnes