Ekteparet Nils Kobbevik og Toril Sele frå Tornes var på veg heim med fritidsbåten Bjørnungen fredag formiddag, etter å ha vore i huset sitt på Bjørnsund i påska.

Dei, og katten Lillepus som dei alltid har med til Bjørnsund, stampa gjennom sjøen i høge bølger og mykje vind da dei fekk motorstopp aust for Bjørnsund, litt før kl. 13.

Dreggen glapp

– Vi gjekk på innsida av Skjerlingen, litt i le for storhavet. Men det var skikkelege bårer likevel, rundt tre meter høge, kanskje. Vi fekk kasta ut dreggen og varsla om at vi trong hjelp, fortel han til Rbnett fredag ettermidag.

Det var sandbunn på staden der dei låg, og dreggen hadde tak ei stund, men så glapp han.

– Da nærma vi oss skjeret, og opplevde det ganske dramatisk. Det var berre 50 meter igjen til skjeret til slutt. Men da blei det steinete, og dreggen fekk tak igjen, og festa seg godt.

Supplybåt og ambulansebåt

Supplybåten Troms Sirius høyrde mayday-varslinga, kom til staden og sette ut ein mob-båt, og ambulansebåten Dr. Riiber slepte dei heim til Tornes. Dermed gjekk det heile bra.

Det einaste var at dei var kalde og våte da dei kom til land i 15.30-tida:

– Vi fekk frosten i oss, ja. Først låg vi med motorstopp ein times tid. Så tok det over ein time med slepet inn. Når ein ikkje har motor som går, er det ikkje varme om bord heller, seier Kobbevik til Rbnett.

Kritisk til Redningsselskapet

Da Rbnett snakka med han tre timar etter at paret kom i land, var han kritisk til Redningsselskapet.

– Vi er totalmedlemmer der for å få hjelp når vi treng det, men det fekk vi ikkje i dag. Vi har fått vite at RS Maersk på Aukra har vore ute av drift ei god stund, og er det framleis. Eg meiner det ikkje er haldbart. Hadde ambulansebåten Riiber vore på viktig oppdrag, kunne situasjonen biltt mykje verre. Redningsselskapet har båtar av ein mindre type som kan gå veldig fort. Dei sett folks liv i fare når redningsskøyta ikkje er i orden, seier han.

Defekt filter?

Årsaka til motorhavariet kan ikkje Kobbevik seie noko sikkert om, men han trur det kan ha vore eit filter som ikkje var i orden.

Ambulansebåten drar etter å ha slept fritidsbåten «Bjørnungen» til båthavna på Tornes. Nils Kobbevik sørger for å fortøye båten sin.