Namnegruppa finsiktar namneforslaga til nykommunen Eide / Fræna. Nykommunen Eide / Fræna kjem truleg til å få eitt av desse namna.:

Freneid(e)

Hustadvik(a)

Vågeide

Hustad

Stim

Dette er klart etter at namnegruppa torsdag kveld plukka ut fire av finalekandidatane blant dei 12 namna som kom på grovlista i første møtet, 4. april.

Stim var ikkje med der, men kom inn frå sidelinja torsdag fordi ein e-post med forslag frå Sigmund Julshamn, levert innan fristen, var utegløymt.

Namna som ikkje lenger er med: Stemstind, Bud, Eide, Fræna, Fræneide, Møre.

Nytt møte 2. mai

Til neste møte skal lokalhistorikarane Henry Ståle Farstad og Jonny Lyngstad lage ei kort utgreiing om dei fem forslaga, slik at folk kan få ein god bakgrunn å vurdere på.

Det kom ikkje klart fram korleis prosessen vidare skal drivast. Opinionsundersøking vart nemnt, men politikarane vil ikkje ta stilling til det før 2. mai.

Interimsfellesnemnda avgjer namnevalet endeleg, venteleg i møtet 23. mai.

Eideungdom likar Vågeide

Amalie Sildnes Gedde-Dahl la fram Eide ungdomsråd si meining. Dei hadde hatt kåring, og Vågeide kom på førsteplass, framom Hustadvika og Møre.

– Freneid(e) og Hustadvik(a) er så mykje omtala. Folk enten likar eller hatar dei desse namna. Då er det betre med eit heilt nytt namn, meinte ho.

Ungdomsrådet i Fræna har ikkje gitt lyd frå seg, men er venta å kome med si meining til møtet 2. mai.

– Stim er spennande

Jarle Ugelstad Klavenes resonnerte slik: – Det ungdommane seier, gir ein god peikepinn. Vågeide er interessant – men personleg fell eg meir ned på eit historisk namn. Stim er spennande. Ny kommune bør få nytt namn. Eg ønskjer ikkje koplingar som Freneide.

Terje Lyngstad lurte på om Freneid(e) og Hustadvik(a) framleis skulle vere på topp. Arbeidsgruppa kom til at den ikkje vil rangere enno.

Sofie Elisabeth H Brekken syntest at Vågeide burde leggast til lista, og slik vart det.

Sans for det historiske

Kjell Lode hadde sansen for det historiske og syntest at Hustad skil seg ut. Det har vore både gods og kongsgard der i si tid.

Slepp i skyttargravene

Jarle Ugelstad Klavenes likte at dei reine namna Eide og Fræna var ute av lista:

– Elles hadde vi nok fort gått i skyttargravene. Men skal vi ha meiningsmåling, kan vi ikkje ha så mange som fem forslag.

Kjell Lode var ikkje med på den tanken.

– Med mange nok intervjuobjekt får du ein god nok indikasjon, meinte han.