EIDSVÅG / NESSET: – Korfor skal «såkalla nasjonale satsingar» plasserast på dei dyraste og beste tomtene i Oslo? spurde Jan Andreassen retorisk i sitt innlegg «Urbaniseringens tidsalder – blir det distriktsopprør i 2017?» på Nessetkonferansen torsdag.

Trendar

Andreassen er sjeføkonom i Eika Gruppen med hovudansvar for overvaking av makroøkonomi i inn- og utland, og viste til eit internasjonalt stemningsskifte.

– Globalisering som trend går tilbake, mange land legg no heller vekt på å gjere eigen nasjon sterk igjen. Sjå berre på USA, Kina, Russland og Storbritannia, sa Andreassen.

Han ser dette som skuffelse over globaliseringa, og eit folkeopprør mot urbaniseringa. Andre viktige trendar er utfordringar med eldrebølgja, og økonomiar i stagnasjon etter oljekrisa.

– Det ligg ikkje an til betring i Nordsjøen, sjølv om tala er usikre, må vi rekne med at det ikkje er snakk om nokon ny opptur dei nærmaste åra. Korleis skal ein komme vidare, spurde Andreassen, og kom sjølv med forslag til tiltak.

Trur på bygdeopprør

– Da må vi satse på to viktige område, nemleg på innovasjon, og på distrikta, sa Andreassen. Han plasserer Senterpartiets framgang inn i dette trendbildet, og viser også til at eldrebølgja vil verte svært merkbar først ute i distrikta.

– Vi må ha nytt liv i distrikta, det må komme eit bygdeopprør med krav om satsing. Lite er gjort til no – dette handlar om ting ein kan bestemme skal bli gjort, som å styrke distrikta med statlege arbeidsplassar.

– Ut av Oslo

Andreassen undra seg over korfor så mange statlege etatar «må» ligge i Oslo.

– Korfor skal Vikingskipmuseet ligge i Oslo og ikkje i Vestfold, korfor skal Munch-museet ligge i Oslo og ikkje på Åsgårdstrand – eller dei nye regjeringsbygga for den del. Det vil koste fem milliardar å bygge, og fem milliardar å sikre, medan de i distrikta får litt billegare bensin, erklærte han til humring i salen.

– Flytt det ut av Oslo, ta andre og rimelegare tomter i bruk, foreslo han. På forslagslista sto også nasjonal eigedomsskatt, som han meiner vil vere meir rettferdig enn dagens system. Innan samferdsel ivra han for ideen om å erstatte bruer og tunnelar med gondolbaner.

Program

På programmet sto også ei rekke andre faglege innlegg, lunsj, prisutdeling og kunstneriske innslag.

Konferansen hadde henta inn Ludvig Gudim på fiolin, og Ole Christian Haagenrud deltok med både presentasjon av Nesset Musikkfest 2017, og klaverinnslag.

– Viktig møteplass

Den årvisse konferansen samla også i år om lag 150 frammøtte. Arrangør og banksjef i Nesset Sparebank, Jan-Børge Silseth var godt fornøgd.

– Årets program har inspirasjon og lagbygging som ein raud tråd, med varierte innfallsvinklar. Det er viktig med ein slik konferanse der folk kan møtast, få påfyll og inspirasjon til ny aktivitet. I desse omstillingstider er dette særleg viktig, poengterte Silseth.