Jenny Hukkelberg Roberts reiste som frivillig i organisasjonen United Children of Africa (UNICA) til Zimbabwe i midten av mars, og skulle opphalde seg i Victoria Falls i tre veker. Under opphaldet såg 20-åringen frå Gossen kor dårleg stilt det var på den lokal skolen.

– Barna måtte skrive på golvet sidan dei ikkje hadde skrivepult. Læraren hadde ikkje skolebøker eller papir så barna hadde noko å jobbe med. Det einaste dei hadde å leike med var tomflasker og trebitar. Difor tenkte eg at eg kunne prøve å samle inn litt pengar til skrivebord, skolesaker og kanskje nokre leiker, fortel Jenny Hukkelberg Roberts frå Cape Town, der ho blir å finne som frivillig ved eit sjukehus dei komande vekene.

Umiddelbar respons

Jenny bestemte seg for å ta saka i eigne hender og skaffe nødvendig utstyr til skolebarna i Victoria Falls, men hadde kort tid å gjere det på. Difor sende ho ei oppmoding på Facebook-sida Hva Skjer på Gossen om økonomisk hjelp. Reaksjonen frå sambygdingane var umiddelbar. I løpet av det første døgnet hadde ho samla inn 1500 dollar, tilsvarande om lag 13.000 kroner.

– Eg hadde som mål å samle inn 1500 dollar, og det målet nådde eg på 24 timar! Men innsamlinga vart ståande ei veke. Når den blei avslutta, hadde eg fått inn 2500 dollar, som svarar til 21.500 kroner! Folk var berre heilt utruleg. Dei sende pengar på Vipps og PayPal, fortel den driftige gosse-jenta, som hausta mange lovord undervegs i innsamlinga.

Sidan økonomien i Zimbabwe er svært dårleg, måtte direktøren i UNICA til Botswana for å få fatt i kontantar.

– Vi måtte få tak i stolar og bord i Harare og det tok veldig lang tid med transporten. Men etter to veker hadde vi fått kjøpt inn alt, fortel Jenny Roberts.

Den beste opplevinga

Sist søndag, dagen før Jenny Roberts skulle reise vidare, vart innkjøpa overlevert innbyggarane i Victoria Falls, og ho kunne reise frå staden i trygg forvissing om at ho hadde sett varige spor. På Facebook-sida skreiv ho til gossingane:

– Eg må berre seie tusen takk for all støtte til innsamlinga mi! Fekk overlevert alt utstyret i går. Kjøpte inn skrivebord og stolar, tavle, bord til læraren, masse leiker, masse skrivesaker osv.! Ungane var litt sjenerte, men dei var kjempeglad! Alle foreldra og viktige folk frå lokalsamfunnet kom også. Dei hadde ikkje ord for kor takknemmelig dei var! Dette var verkeleg den beste opplevinga i livet mitt! Tusen takk alle saman!

Og til Romsdals Budstikke legg ho til:

– Eg vil anbefale alle å gjere noko liknande innan frivillig arbeid, når dei har anledning. Det er så utruleg givande!

Fargerike stolar og bord vart overlevert til elevane i Victoria Falls sist søndag. Foto: Privat
Barn, tilsette, foreldre og lokale leiarar var svært takksame for initiativet til den unge gossingen. Foto: Privat