Torsdag vart historias aller første bit med kyststi offisielt åpna på nordvest-sida av Gossen. Heilt ute i Årgårdsvika, mot Rindarøya og storhavet, ligg ein liten kilometer med brei, fin tursti. Stien, frå «Næsja» til «Komedantholmen», er den første stumpen ein har fått til så langt, men forhåpentlegvis ikkje den siste.

– Vi har så mange fine turstiar her i kommunen, men ingen som går ved havet. Planane har ligge der lenge, men då det skulle fjernast ein del sitka-gran på øya, såg vi høve til å sette i gang arbeidet med kyststien, fortel folkehelsekoordinator Tove Charlotte Æsøy.

Eit tjuetals turglade og godt kledde gossingar hadde møtt opp til den offisielle åpninga, i tillegg til Gossen Musikkorps, som ordna marsj til åpningsturen.

Kan kyststiar

Entreprenør Ingar Moi har god erfaring med å lage kyststiar, og nok ein gong har han trylla i det maritime landskapet i Årgårdsvika. Den kilometer lange kyststien snor seg mellom lyng og mose, knastar og fjell, brei, jamn og fint tillaga også for den som er dårleg til beins. Forbi sandstranda i Sandvika, som no har kome til sin rett uten kransen av tett sitkagran rundt seg, går turen rett ut mot storhavet, med utsikt til Bjørnsund og Bud, Rokta og vakre solnedgangar.

– Vi trur mange gossingar bli glade når denne stien no er på plass. Det er ikkje alle som har gått tur på denne sida av øya, og no er det mulig, seier Tove Charlotte Æsøy.

– Stien har kosta om lag 700.000 kroner, der delar vert dekt av spelemidlar – vel anvendte pengar, dette er folkehelse for alle. Vi håper vi kan bygge ut fleire kyststiar etterkvart, men det er ein møysommeleg prosess.

Gode minner

Ordførar Bernhard Riksfjord stod for snorklippinga ved kyststien sin start i Årgårdsvika under den offisielle åpninga torsdag ettermiddag. Med barneskoa slitne ut på Rindarøya hadde han mange gode historier å fortelje om kyststien sin første stopp, «Næsja», staden der dei la til med robåten då dei skulle til Gossen på skole.

– Vi rodde også til Sandvika for å bade, fortalde han.

Ved den omtalte stranda møter vi Oddfrid Rød, som har gode minner frå badeturar med barna til den vakre stranda.

– Ja, her kosa vi oss. Men etterkvart grodde det sånn til. No er det kjempefint! Og høyr kor bølgene slår! seier ho og lyttar

– Rein rekreasjon! Berre det å nyte stillehita er vakkert, meinte ho, før ho rusla vidare på den nye stien.

At det er fint, synes vesle Eva Småge (4) og farmor Solfrid også.

– Kjempefint! Hit skal vi og bade til sommaren, lovar farmor.