MOLDE / MIDSUND / NESSET: – Ja, vi har hatt to møte, prosessen er i gang, seier Thorbjørn Myhre, leiar i Molde Arbeiderparti og medlem i arbeidsgruppa partilaga har sett ned for å jobbe med saka.

– Kort sagt skal dagens lokallag leggast ned, og eit nytt Molde Arbeiderparti for Stor-Molde etablerast, seier Myhre.

– Prosessar tek tid, så det er bra å komme i gang. Dette er overkommeleg, vi er nokså einige – i alle fall om dei store linjene, seier Myhre.

Struktur

Gruppas mandat er å foreslå struktur for det nye laget, og mellom anna sjå på retningslinjer for utforming av styre.

– Vi ser på om styret bør ha 7 eller 9 medlemmer. Eit viktig spørsmål er også vekting av representasjon. Vi går for at ingen av dagens kommunar skal ha fleirtal åleine, seier Myhre.

Forankring

Han ser for seg at oppretting av det nye lokallaget blir tidleg i 2018, men først må endringsforslaga til behandling på medlemsmøte, styremøte og årsmøte i alle lokallaga. – God forankring er viktig, poengterer Myhre.

– Kva er mest utfordrande når representantar frå tre ulike kommunar skal slå seg saman?

– Kommunane er ulike med tanke på mellom anna næringsliv og kultur, men i vårt arbeid har vi har ein felles partikultur som er langt sterkare enn det som måtte skilje oss. Vi kjenner også kvarandre godt frå før, så dette skal nok gå veldig fint, seier Myhre. Han reknar med at arbeidet vert intensivert til hausten, så alt er klart med felles nominasjon til kommunevalet 2019.

Lokal aktivitet

Toril Melheim Strand frå Nesset Arbeiderparti er også med i gruppa. Ho poengterer at den lokale partiaktiviteten ikkje skal forsvinne, men vidare førast i eigne partilag under nye Molde Arbeiderparti.

– Vi kan til dømes ha eigne 1. mai-arrangement, og drive valkamp lokalt, seier Melheim Strand.

Fryktar lite gjennomslag

Med tanke på politikken reknar ho med at det vert ein ny politisk kvardag i den nye storkommunen. Ho ser for seg at det kan bli krevjande for distrikta.

– Du reknar med bygd – by-konfliktar?

– Vi fryktar jo at distrikta ikkje får særleg stor innflytelse. Representert etter folketalet i Nesset kan det bli 3–5 representantar av 57 herfrå, det er ikkje mykje. Da er det ei reell frykt at distriktas interesser ikkje når opp, seier Melheim Stand.

– Nominasjon viktig

Ho poengterer at partias nominasjon dermed vert sentralt for å sikre representasjon som fungerer både for by og land.

– Det vert viktig at partia tek ansvar, og nominerer folk både frå byen og distrikta på sikre plassar, seier Melheim Strand.

Ho vektlegg at om ein ikkje får til ein bra representasjon, kan det fort bli slik at det vert etablert bygdelister – noko ho meiner ein bør unngå.

Sjølvstyresaker

Melheim Strand legg til at samarbeidet så langt har gått bra, og at Molde allereie er van med å forholde seg til eit stort omland i dagens kommune.

– Etter intensjonsavtalen skal vi også ha kommunedelsutval i Nesset. Dette skal handtere saker som berre vårt område har, som fjellområdesaker og viltforvaltning, seier ho.

Gir seg?

Toril Melheim Strand har i lang tid vore aktiv i kommune- og fylkespolitikken, men er slett ikkje sikker på at ho er aktuell når kabalen skal leggast for den nye storkommunen.

– Det kan vere på tide å sleppe til nye krefter. Uansett blir det jo få med herfrå, seier Ap-veteranen.

«Fusjonerer»: (F.v.) Russell Davis (Midsund), Tor Steinar Lien (Nesset) og Thorbjørn Myhre (Molde), leiarar i noverande partilag. Foto: Privat