Kjersti Gisnås tok i fjor doktorgrad ved UiO der ho m.a. laga modellar av kor det er av permafrost i Norge. Eit resultat var meir detaljerte kart over permafrost i Skandinavia:

– Klimaet endrar seg, og det er viktig å få ei forståing av korleis prosessane heng saman. Vi veit meir og meir, men i dagens modellar er framleis ikkje utslepp frå permafrostområde godt representert. Det var også ei særleg bekymring i siste rapport frå FNs klimapanel: Vi veit lite om kva som skjer når karbon lagra i tusenvis av år, vert frigitt i atmosfæren. Det er skremande når ein ser så store klimaendringar som vi har gjort i Arktis dei siste åra.

Følgjer for hus og vegar

Permafrost er – grovt sagt – det fenomenet at bakken er frosen året rundt, i minst to år. I nordområde og høgfjell har bakken vore frosen i fleire tusen år.

Lokalt får tinande permafrost ulike følgjer: – Ein trur f. eks. at jordskredet på Svalbard i haust delvis kan skuldast at bakken er tint slik at ein har fått aktive jordlag djupare enn ein har sett nokon gong. Svalbard har også skader på hus truleg av same grunn. I Alaska, Russland og Canada har dei nokre stader store søkkehol midt i tettstader og under hus. Store ismengder i permafrosten blir slike hol når bakken tiner.

– Er det permafrost på Dovre?

– Vi finn permafrost både på Dovre og i Jotunheimen over rundt 1400 moh. I dei lågaste områda finn vi stader som hadde permafrost for 10–20 år sidan, men ikkje no lenger.

– Dovre har f. eks. mange palsmyrer – isfylte haugar beskytta av torv – som har smelta og endra landskapet. Både der og rundt i verda ser vi ei kraftig oppvarming av bakken – den tiner djupare for kvar sommar.

– Kor mykje klimagassar kjem frå slike område i dag?

– Det er det store spørsmålet. Vi kan sjå ei myr som begynner å tine, eller ein nydanna innsjø som boblar av metan, medan område like i nærleiken kan vere frosne. Så det er veldig vanskeleg å berekne utsleppa globalt frå permafrostsoner. Det er dette forskarane jobbar mest med no: kor mykje og når klimagassar vert slept ut. Og om karbonet i bakken blir sleppt ut som metan eller CO2. Om dette karbonet blir brote ned utan luft, blir det metan. I tørre tilhøve blir det CO2. Det er viktig å vite fordi metangass har ca. 25 gonger sterkare klimaeffekt enn CO2, over ein periode på 100 år.

Kvite flekkar på kartet

Sidan 1750 har menneska sleppt ut så store mengder drivhusgassar at klima på jorda er i ulage, og blir det stadig meir. Målet i Paris-avtalen er å halde global oppvarming under 2 gradar, men helst berre 1,5 grader.

– Vi veit ikkje i dag kor mykje av den globale oppvarminga som skuldast utslepp frå tinande permafrost. Men berekningane tilseier at det er dobbelt så mykje karbon i bakken i permafrost som i atmosfæren. Hadde alt sloppe ut, ville det gi eit ekstremt bidrag. Men det vil ikkje skje over natta, seier Gisnås.

– Søv du godt om natta?

– Relativt. Men eg veit ikkje om eg burde. Aldri før har vi målt så høge temperaturar som vi gjorde i 2016. I Arktis var 2016 ein heil grad varmare enn det varmaste året som nokon gong er målt. Vi ser svoltkatastrofar grunna tørke, og i fleire område vil ikkje folk kunne bu lenger.

– Når vil vi nå vippepunktet der det er for seint å snu?

– Vanskeleg å seie. Uansett må vi prøve å redusere det menneskelege pådrivet slik at vi sakkar ned utviklinga.

KVA: «Kva skjer med naturen – og med oss – når permafrosten tiner?» Ved Kjersti Gisnås ved Norges Geotekniske Institutt

TID OG STAD: Myra kulturhus, Vestnes, onsdag 5. april kl. 13. (Dørene opnar kl. 12)

Når ein arbeider med permafrost, kan tilhøva vere tøffe. Her er Kjersti Gisnås i aksjon på Finse. Foto: Privat
Kva skjer når permafrostområde – med enorme mengder karbon – tiner, og slepp klimagassar ut i atmosfæren? Her frå Marius Holm si innleiing på Zerokonferansen. Foto: Marit Heiene