VESTNES: I Vestnes har Vestnes Kulturhus Vennelag jobba i årevis for å få gjennomslag for å få reist eit nytt kulturhus i sentrum. Det har til og med vore symbolsk spadetak på parkeringsplassen ved hurtigbåtkaia. Så langt har det blitt med planane, den tidlegare gymnastikksalen på Hellandheimen fungerer som kulturhus.

No blir spørsmålet om nytt kulturhus reist igjen. I saka om kommunal planstrategi i kommunestyret tidlegare i år stilte Stig Holmstrøm spørsmål om det vil bli lagt fram sak om kulturhus i Helland sentrum. Han viste her til at eit avsnitt i planstrategien, der det står at kommunen har medverka til oppgradering av mange lokale kulturbygg, men at Vestnes manglar eit felles sentralt kulturbygg.

"Det må avklarast politisk om Vestnes skal legge til rette for dette, til den dagen kjem at dei rette ideane, samarbeidspartar og økonomi er på plass" står det i planstrategien.

Administrasjonssjefen sa at det ikkje blir lagt fram sak om dette til kommunestyret no, og viste til tidlegare vedtak.

Bibliotek i helsehus

No arbeider Vestnes kommune med planar om eit nytt helsehus med mange funksjonar, ny ungdomsskule for heile kommunen og nye lokale til kulturskulen. Kulturskulen skal inn i lokala til dagens ungdomsskule på Vestnes. Biblioteket er tenkt plassert i helsehuset, og den nye ungdomsskulen kan få amfi/konsertsal.

Forkjemparane for nytt kulturhus vil ha bibliotek som ein viktig del av dette. Holmstrøm og Hjelvik spør derfor ordføraren om det heller kan vere aktuelt å legge biblioteket inn i eit sentralt kulturhus, dette vil samstundes frigjere plass i helsehuset.

Samarbeid?

Dei er også skeptisk til at amfi/scene ved den nye ungdomsskulen vil tilfredsstille behova ved større kulturarrangement og konsertar i Vestnes.

Til slutt blir ordføraren spurt om kommunen kan gå i nærare dialog med Vennelaget, næringslivet og lag og organisasjonar om utvikling av eit skisseprosjekt som Vestnes Kulturhus Vennelag har utarbeidd.

– Er det kroken på døra for nytt kulturhus dersom ein så viktig funksjon som biblioteket blir lagt til det nye helsehuset, Stig Holmstrøm?

– Ikkje kroken på døra, men det vil ta bort noko av grunnlaget. Vi meiner det er viktig å komme med innspel no, slik at vi får best mogleg resultat.

– Kva forventar du av svaret frå Geir Inge Lien?

– Eg forventar at både ordføraren og kommunestyret meiner Vestnes skal ha eit kulturhus i sentrum.

– Etter at de har høyrt ordføraren, kan det bli lagt fram konkret forslag om at Vestnes skal bygge kulturhus i sentrum?

– Det vil bli vurdert ut frå svaret frå ordføraren.

– Har de forslag til tomt?

– Ikkje konkret, men det er attraktive tomter i sentrum til kulturhus.

KULTUR I SENTRUM: Stig Holmstrøm (bildet) og Johan Hjelvik står på for nytt kulturhus i Helland sentrum. Foto: Olav Skjegstad Foto: Olav Skjegstad