HARØYA: Om lag 100 møtte fram då Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen inviterte til informasjonsmøte om Nordøyvegen på Harøya måndag.

Kontraktar

– Status er at vi jobbar for fullt med klargjering av kontraktar som vi reknar med å lyse ut til sommaren, føresett at bompengeproposisjonen vert behandla av Stortinget før sommaren, opplyser prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Utlysingsfrist for dei fire første kontraktane er tenkt sett i slutten av august, desse gjeld førebuande arbeid med forskjæring på tunnelar og opparbeiding av riggareal på øyane.

Oppstart

Nærø reknar da med at det er klart for første spadetak i løpet av oktober.

– Kvar vert det oppstart?

– Det er enno ikkje avklart. Kontraktane vil vere klare om lag samtidig, så det vert nok opp til vegeigar, fylkeskommunen, å avgjere kor oppstarten skal markerast, seier Nærø.

Støy og støv

Oppstart og framdrift var mellom punkta dei frammøte på informasjonsmøtet lurte på.

– Korleis vil folk merke arbeida når dei kjem i gang?

– Når anlegga vert etablert på øyane og maskinene kjem i arbeid, og vil det merkast med sprenging, støy og støv. Dette er folk innforstått med utan å vere negative, det er forståing for at dette må til, seier Nærø.

Stort prosjekt

Samferdselsprosjektet til vel 3,5 milliardar kroner skal delast opp i fleire kontraktar, først fire mindre, så to store. Desse vert igjen delt opp i prosjekt for veg, tunnel, bruer og sjøfyllingar.

For entreprenørar

Nærø opplyser at det til veka er planlagt eit informasjonsmøte på Harøya også for entreprenørar. Så langt har 30 aktørar meldt seg på, både lokale, nasjonale og internasjonale aktørar.

– Her blir det informasjon om alle kontraktane, og planlagt framdrift. Det vert også synfaring med båt, seier Nærø.

INFORMERTE: (F.v:) Per Ove Nydal frå Møre og Romsdal fylkeskommune, dei an der frå Vegkontoret: Marianne Nærø, Helge Rensvik, Torbjørn Vatnehol, Erlend Opstad og Anne Grethe Voldnes. Foto: Svein Ove Søholt