– Mobbing i skulen er alvorleg, og ei sak vi har teke tak i. No har vi på plass fagfolk som rykker ut til dei vanskelege sakene også i vidaregåande skole, seier fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V).

Dropper ut etter mobbing

Ho viser til fleire artiklar om temaet i Romsdals Budstikke, mellom anna saka i måndagsavisa om ein Møreforsking-rapport om temaet. Rapporten viser at mobbing, einsemd, låg meistring og psykososiale vanskar er viktige årsaker til at elevar fell ut av vidaregåande skule.

Inn på budsjett

– No skal situasjonen endre seg. Etter framlegg frå Venstre, har vi vedteke nulltoleranse for mobbing i vidaregåande skule, som fylkeskommunen har ansvar for. Og dette er følgt opp med løyving av pengar for å knyte seg til mobbeteamet som no gjer ein jobb rundt på grunnskular i Møre og Romsdal. Vi veit at behovet er til stades også i vidaregåande opplæring, derfor er det viktig med slik spesialkompetanse også for desse elevane, seier Gjerde.

Mobbeteam inn

Ordninga ho viser til er eit fylkesteam som går inn i vanskelege mobbesaker der ein lokalt har gitt opp å finne ei løysning. Det omfattar både opplæring av tilsette, og konkret inngripen i fastlåste saker. Teamet jobbar mot problemsaker i grunnskulen, men skal no altså også inn i den vidaregåande skulen.

– Det er viktig med eit system og ei oppskrift, som varetek dei det gjeld når mobbesaker kjem opp, seier Gjerde.

– Alvorleg

– Vi veit at dette er situasjonar som er svært øydeleggande for dei det gjeld. I saker som til slutt har enda i retten, har vist korleis mobbing har merka folk for livet, men manglande tryggleik, manglande på tru på seg sjølv, og vanskar ned å komme vidare med sosiale relasjonar, seier Gjerde.

– Blir dette ikkje lett festtalar?

– Jo, men heldigvis ikkje denne gongen. No er intensjonen følgd opp med midlar til systematisk jobbing, også i vidaregåande skule, poengterer Gjerde.

– Burde ikkje dette vore gjort for lengst?

– Jo, absolutt. Det har vore ein problematikk lenge, som det no endeleg ser ut til å vere eit i gang ei ordning som fungerer, seier Gjerde.

– Så du reknar med at dette vil bety betring av situasjonen?

– Ja, og vi skal passe på og ikkje sleppe dette. Vi vil be om evaluering, så vi kan vere sikre på at det er effektivt, seier Gjerde. Og legg til at ho har stor tru på ei silk desentralisert ordning, som går inn i problemet der elevane er.

– Så kva kan dei som måtte oppleve mobbeproblem i vidaregåande skule gjere?

– Om dei opplever at dei ikkje når fram ved å ta saka opp med skulen, kan dei seie til skuleleiinga at dei veit om mobbeteamet, og be skulen kontakte teamet, seier Gjerde.

– System for heile landet

Ho sit også i hovudstyret for KS, og har meldt inn arbeidet mot mobbing her i fylket som ei ordning fleire burde ta etter.

– Teamet som no er i gang, og måten det vert jobba på, er eit tiltak som er skapt her i Møre og Romsdal. Eg synest dette ser ut for å vere eit så godt tiltak at det burde prøvast også elles i landet. Eg håpar det kan bli ein modell for heile Norge, seier Gjerde.