Det tilårskomne forsamlingshuset Soltun på Gossen har denne veka hatt meir besøk på ei veke enn nokon gong før. Det fortel ildsjel Kent Jensen, som i ei årrekke har jobba som frivillig med forsamlingshuset.

- Det har aldri tidlegare vore så mange folk innom Soltun på ei veke. Og dette arrangementet er noko av det mest positive som har skjedd i huset si historia, meiner den pensjonerte sjømannen frå Gossen, som dagleg har delteke på aktivitetar under den internasjonale veka.

- Eg har vore på kafé kvar dag, spist god mat og fått med meg flott underhaldning, og eg har vore på forelesningar om kveldane. Eg har møtt veldig mange imøtekomande og trivelege menneske og fått mykje ny kunnskap om land og kulturar, fortel han oppglødd, medan han forsiktig trakterer ein bitteliten kopp med søt, sterk eritreisk kaffe.

Braksuksess

Med menneske frå eit titals ulike nasjonar, mat frå alle verdshjørne, sang og dans med eksotiske rytmar og kulturelle møte over kjøttsuppe, nudlar, fatit gag og samosa har det vore tilstelningar frå morgon til kveld i tidenes første internasjonale veke i Aukra.

Kvar dag har vore tileigna ein verdsdel – med forelesningar, underhaldning, mat og informasjon. Laurdag vart det heile avslutta med ei kulturell og kulinarisk reise verda rundt – eit punktum som blei så populært at Soltun var fylt til bristepunktet.

- Vi kan ikkje seie anna enn at arrangementet har blitt ein braksuksess. Eg er overraska og veldig takknemleg for at aukraværingane har stilt opp jamnt og trutt kvar dag. Og det har kome meir og meir folk utover i veka, ettersom rykta har gått, seier ein sliten, men veldig fornøgd einingsleiar i innvandring og integrering, Aud Lisbeth Lillebostad.

Ville syne mangfoldet

- Vi har hatt nærare 300 personar innom kaféen kvar dag. I tillegg har oppmøte både på forelesningane på dagtid og landinformasjonen på kveldstid vore over all forventning, seier primus motoren.

- Målsetninga med veka var å syne fram mangfoldet og ressursane i Aukra, og få informasjon ut til folk. Det har vi klart. Alt utover det er rein bonus. Vi har opplevd at folk frå mange nasjonar har site i lag rundt borda, prata og blitt kjent. Og vi har også opplevd gripande møte mellom menneske som ikkje har sett kvarandre sidan dei var i flyktningeleir. Då ser vi at verda er lita, seier Lillebostad.

Takknemleg familie

Familien Kutaira kom frå Syria via Libanon og Russland til Norge for halvanna år sidan. Etter turar innom Kirkenes, Hemsedal og Tingvoll, hamna dei omsider på Gossen. No har dei fått seg hus, går på skole for å lære seg norsk og vil gjerne bli kjent med folket i den nye heimkommunen. Difor har familien, som består av barna Sara og Deeb, mor Zelal og far Idwar, gjennom heile den internasjonale veka hatt tilhald på Soltun, der dei har seld syrisk mat.

- Vi har vore så heldige å få busette oss her på Gossen. Vi har fått hus og vi trives godt. No vil vi gjere alt vi kan for å bli kjent med folk og hjelpe til der vi kan, seier far Idwar.

- Det har vore så hyggelig å vere med på dette og kunne gje noko tilbake for at vi fikk komme hit, seier han, før han i full fart må lage til nok ein posjon kippi (kyllinggryte med peanøtter og humus) og taboli (grønnsakssalat) til ein av dei mange kundane.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar på maten. Det er veldig kjekt, smiler Idwar.

- Eg føler at verda har blitt litt mindre denne veka, oppsummerer ein sliten, men veldig fornøgd einingsleiar for innvadring og integrering i Aukra kommune, Aud Lisbeth Lillebostad. Foto: Gunn E. Aarønes
- Eg har vore på Soltun kvar dag denne veka og fått med meg mykje god mat, flott underhaldning og interessante foredrag. I tillegg har eg blitt kjend med mange hyggelege folk, seier Kent Jensen. Med eit stort engasjement i forsamlingshuset kunne han laurdag konstatere at det aldri tidlegare har vore så mykje folk innom Soltun i løpet av ei veke. Foto: Gunn E. Aarønes