Fredag var kommunerepresentantar frå Molde, Nesset og Midsund – altså «Nye Molde kommune» samla til stormøte. På agendaen står mellom anna ivaretaking av lokaldemokratiet, og bygging av felles kultur og identitet.

Kulturbygging

I prosessen fram mot samanslåing, vert det starta prosessar retta inn ulike tema. Nesset-ordførar Rolf Jonas Hurlen skal saman med representantar frå dei tre kommunane jobbe for engasjement for nykommunen. Trass i avstandar og ulike utgangspunkt, ser han lyst på det:

– Dette er som å hamne i festkomiteen, seier Hurlen.

Felles identitet

Han poengterer at ein må vere bevisst på forskjellane, at det er tre kulturar som skal samanbyggast; kyst, by og fjell.

– Vi må ta vare på særtrekka, men finne felles identitet, stolthet og tilhøringhet. Det er vesentleg å lykkast med dette, seier Hurlen. Han vektlegg at kommunane allereie har mykje felles, gjennom næringsliv og kultur.

– Mange pendlar til jobb i Molde frå Nesset og Midsund. Festivalane og MFK er også del av identiteten til folk i dei tre kommunane, seier Hurlen.

Nytt kommunevåpen

Ei sentralt oppgåve vert også å få på plass nytt kommunevåpen. Til møtet hadde Hurlen for moro skuld montert dagens tre våpenmotiv saman til eitt – med moldekvalen badande ved Mardalsfossen.

– Hehe, slik blir det vel ikkje, medgir Hurlen med eit smil. Men nytt kommunevåpen må snart på plass, han tenker det blir lyst ut konkurranse om kommunevåpen i løpet av året.

– Spennande

Sidsel Rykhus frå Molde og Aslaug Jenset Sanden frå Midsund sit også i denne arbeidsgruppa.

– Kjempespennande og kjempeviktig. No må vi få alle med, kommenterer Rykhus.

– Sjølv om det er forskjellar, så er ikkje folk så ulike. Og mange har allereie kontakt på tvers av kommunegrensene, poengterer Jenset Sanden– som sjølv har hytte i Nesset.

– Viktig mangfald

Moldeordførar Torgeir Dahl poengterte at mangfald gir styrke. – Saman skal vi skape noko som er betre enn det vi har som einskildkommunar. No startar vi! Vi er ulike, men dette mangfaldet vil styrke oss, sa Dahl.