Kjerringsundet AS har arbeidd med å få ned kostnaden på det planlagde vegsambandet mellom Otrøya og Gossen, og gikk for nokre veker sidan ut med at nye vurderingar viser at kostnaden går ned til mellom 2,1 til 2,7 milliardar kroner.

Kan spare

– Innsparinga vil vere avhengig av kva tekniske løysingar som vert valde. Auka bruk av steinmasse frå Møreaksen vil også vere ei viktig årsak til at kostnadane kan reduserast, sa styreleiar Arne Rindarøy då.

Han baserte seg på tal frå konsulentfirmaet Rambøll. I drøfting av nye brualternativ viser Rambøll til at brukonstruksjonane utgjer over 80 prosent av totalkostnaden, og at det vil vere mest naturleg å sjå på dette.

Sluttpris enno uviss

– Sjølv om kostnadsanslaget no er nede på mellom 2,3 og 2,7 milliardar kroner, er det likevel for tidleg å tenke på to strek under svaret for endeleg prislapp, seier dagleg leiar i Kjerringsundet AS, Jan Petter Hammerø.

– Arbeidet med å finne totalkostanden har enno ikkje begynt. Først må vi finne den løysinga vi skal går for, og så rekne derfrå. I tillegg kjem også kostnader som administrasjon og renter, seier Hammerø.

Fylling for bru

Hammerø avklarer at endra bruløysingar og meir bruk av steinfyllingar er den mest aktuelle måten å kutte kostander på. Dette er drøfta i Rambøll-rapporten som viser mulege innsparingar.

– Eit hovudgrep for å kutte kostnader, vil vere å bruke fyllingar i tre sund, til erstatning for bruløysingar, seier Hammerø.

I rapporten er det peika på at det er muleg å erstatte bruløysingar med rimelegare steinfyllingar i Storhaugsundet mellom Sundsbøen og Bollholmen, Flatholmsundet Flatholmen og Forholmen, og det vesle sundet mellom Flatholmen og Kjerringholmen. I tillegg er fyllinga ut frå Aukratangen som eit alternativ foreslått forlenga, slik at brua kan forkortast.

– Sjølv om fylling i staden for bruer medfører større massebehov og behov for bølgevernstein (plastring), vil ein i dei fleste tilfelle få ned kostnaden, særleg om det er tilstrekkeleg tilgang på stein i nærleiken, heiter det i rapporten.

Lågare bru

Eit anna muleg grep er å redusere seglingshøgd på ei av dei to store bruene.

– Da kunne ein ha ei bru med seglingshøgd på 30 meter, og ei med 12 meters høgd. Vi ser på om det går å legge om skipsleia, og ha bru med seglingshøgd over Bollholmsundet i staden for over Kjerringsundet, seier Hammerø.

Estetikk

I rapporten er det også drøfta ulike typar bruer som alternativ, og justerte traséval. Det vert poengtert at endringar i høve til opprinneleg plan vil gi ei estetisk dårlegare løysing, og kan gi utfordringar knytt til gjennomstrøyming av vatn. – Bruene er forkorta så mykje som muleg i Kjerringsundet ved å forlenge fyllinga sørover, noko som vil gi mindre estetiske løysingar, skriv konsulentane.

Korallrev

Straumforholda i dei ulike sunda, og konsekvensane for eit korallrev ved Kjerringsundet har også vore mellom momenta som må med i det vidare arbeidet.

– I førre runde var fylkesmannen bekymra for straumforholda og korleis veganlegget ville kunne komme til å endre vilkåra for eit korallrev ved Kjerringsundet. Med den løysinga vi ser på no, er det mindre utfylling i dei djupe sunda, og dermed mindre endring i straumforholda som angår korallrevet. Dette er mellom tinga vi no jobbar med å få undersøkt, seier Hammerø.

Prosess

jan Petter Hammerø opplyser at det vidare arbeidet med justeringar av planane for samband over Kjerringsundet, skjer i samråd med aktuell ekspertise, og i samarbeide med Kystverket, fylkesmannen og fylkeskommunen.

Jan Petter Hammerø, dagleg leiar Kjerringsundet AS Foto: Agnar Gjendem