MIDSUND: – Fugl vert funne med plast i magen eller rundt nebbet, ni av ti havhestar har plast i magen. Fisk, skaldyr, kval og fuglar pinest til døde i havet, heiter det mellom anna i ein uttale kommunestyret i Midsund har vedteke.

Politikarane viser til at det er 200 kg plast og anna søppel på kvar kvadratkilometer langs kysten, og vil ha tiltak mot problemet.

– Kan true kystnæring

Venstre Frits Inge Godø, Ann Kristin Holten og Bjørn Wang kom med forslag til uttalen, som kommunestyret har vedteke å sende over til Fylkesmannens miljøavdeling og Miljøverndepartementet med kopi til miljødirektoratet.

– Kommunestyret er uroa; plast kan true omdøme, arbeidsplassar og inntening frå turisme, fiskeri- og oppdrettsnæring, skriv politikarane, og ber om lokale og sentrale tiltak mot alvorleg plastforureining.

Mikroplast

– Plast, og spesielt mikroplast, er ein fare for det lokale miljøet vårt og for næringskjeda i havet, uttrykker politikarane.

Det vert vist til at mikroplast kjem frå mellom anna bildekk, kunstgrasbaner, kroppspleieprodukt, klede og botnstoff til båtar.

Uttalen tek til orde for at unødvendig bruk av plast i alle former må ta slutt, og ber regjeringa ta tak i problemet med plastforureining gjennom betra teknologi, lover og reglar, og ved styrka lokale tiltak.

Foreslår tiltak

I uttalen vert det foreslår praktiske tiltak og politiske løysingar, som satsing på teknologi for å ta vekk mikroplast i avløpsvatn, forbod mot kosmetikk- og reinhaldsprodukt som inneheld mikroplast, merking av klede som skil ut mikroplast, utskifting av gummigranulat frå kunstgrasbaner, gratis innlevering av plast, arbeid for internasjonal avtale for å stoppe utslepp av plast i havet, og innføring av miljøavgift på innpakning som ikkje blir nedbrote.

Strandrydding

Det vart også vedteke at administrasjonen skal jobbe vidare med saka, og involvere lag og organisasjonar til ein strandryddingsdag.

UTSPEL: Kommunestyret i Midsund stiller seg bak framlegget frå Venstre-representantane Ann Kristin Holten, Frits Inge Godø og Bjørn Wang. Bildet er teke tidlegare. FOTO: AGNAR GJENDEM Foto: Agnar Gjendem