Sidan hausten 2015 har kafeen vore ein populær møteplass med god mat.

– Dette var ein kafé som i utgangspunktet var tenkt som eit tilbod om middagsservering til pensjonistar i indre del av Molde kommune ein gong i månaden, fortel primus motor Kari Sissel Farstad Bjerkeset til Romsdals Budstikke.

Overveldande

Kleive Pensjonistforening stod som ansvarleg, og responsen var overveldande.

– I utgangspunktet hadde vi kanskje rekna med 15–20 gjester, men det kom nærare 50, og det blei krise. Vi fekk panikk då gryteretten tok slutt. Redninga vart Joker-butikken, der vi henta pølser og stappe for å bøte på matmangelen. Vi gjer ikkje den tabben igjen, ler den entusiastiske leiaren så det gir gjenklang i det tidlegare bedehuset. Det er her i kjellaren Café Indre Fannefjord leiger lokale ein gong i månaden.

No sikrar dei seg med lister som ligg ute i butikken til Halvor Asphol, der folk skriv seg på.

Framover er det planlagt middag midt i april og midt i mai. Etter sommaren vil dei vere i gang igjen – i september.

Inviterer alle i bygda

Tiltaket var så vellykka på alle måtar at dei frå hausten 2016 bestemte seg for å gå vidare, no med tilbod til alle i Kleive-bygda, uansett alder.

Staben som planlegg og gjennomfører middagsserveringa er ein fast gjeng av «yngre» pensjonistar som har eit ønskje om å bruke seg sjøl på ein meiningsfull og god måte, til beste for seg sjøl og andre.

Mykje for pengane

Kafeen har verkeleg blitt eit sosialt «treffpunkt», og dei frammøtte får sjøl kome med ønskje når menyen skal settast opp. Kuvertprisen er 120 kroner, som inkluderer både middag, dessert og kaffi med kake.

Frivillig arbeid

Kari Sissel synest frivillig arbeid er umåteleg viktig. Det er mykje av bakgrunnen for at driftsstyret for Kleive menighetshus overtok kafédrifta og starta matservering i fjor haust.

– Vi syntest det var gale om dette kjempepopulære tiltaket skulle ta slutt. Vi tok ein runde på bygda for å få tak i folk. Mange yngre pensjonistar blei med. Dei synest alle det er triveleg og miljøskapande å gjere ein innsats for fellesskapet. Betalinga er ein gratis middag og utruleg mange gode tilbakemeldingar, som gir inspirasjon. Du blir fole motivert når du ser kor fornøgd folk er, med mykje fliring og gode historier.

– Fine greier

Kristen Sorthe og kona Ruth, som er i gang med middagen, synest kafeen er eit godt tilbod:

– Dette er fine greier, det samlar folket. Vi møter andre og får prate. Maten er god. Eit slikt tilbod er godt å ha i ei bygd med få utetilbod, seier dei.

Menyen varierer

På menyen står det ulike rettar frå gong til gong. Dei har hatt kveite, laks, bacalao og gryterett, for å nemne nokre.

Dette er første forsøket med potetball. Dommen var klar frå matborda rundt om; himmelsk godt! Dermed verkar det klart at potetball må kome på matsetelen igjen.

– Ja, vi må prøve det, sjøl om det vesle kjøkenet gjer det utfordrande med mange gryter og berre ein komfyr.

Alltid dessert

Etter maten er det alltid dessert og kaffi med kaker, men potetball krev sin mage, så i dag held det med vaflar.

Desserten er typisk bedehusbasar-kost, som riskrem, sjokoladepudding og gelé. Og kaker vil som regel seie heimebakte blautkaker.

All mat er laga frå botnen av, gjestene får skikkeleg heimlaga mat. Med i prisen er påfyll, så mykje ein vil ha.

Utbetrar kjøkenet

Under maten går vaktmeister Rolf Bjerkeset rundt med loddbøkene. I eit tidlegare bedehus er dette ein naturleg måte å samle inn pengar på. Under desserten er det trekning, og dei heldige får med seg ein gevinst heim.

Pengane går til å utbetre huset. Kjøkenet treng oppvaskmaskin og ny komfyr, og det kan fort vere andre utbetringar som melder seg sjøl om Molde kirkelege fellesråd dekker dei faste utgiftene til husdrifta.

– Huset er mykje brukt av små lag, og alle aldrar er her, seier driftsstyreleiaren.

Ho fortel at folk er gåvmilde. Under ein basar i 2015 kom det inn over 60.000 kroner til huset. Søndag er det forresten basar på nytt i dugnadsbygda.

Ragnhild Rødseth (f.h.), Ingrid Romuld, Anna Marie Romuld og Bjørga Kleivenes nyt potetballen med andakt. Det er fullt hus i lokalet med 47 middagsgjester. Foto: Oddbjørn Harnes
Rolf Bjerkeset sel lodd til Sigmund Skår (i midten), Anne Karin og Erik Romuld. Foto: Oddbjørn Harnes
John Asphol (f.v.), Odd Egil Berg, Else Karin Grovehagen og Oddbjørg Asphol er ferdig med ballmåltidet. No er det klart for kaffi og vaflar, som Kari Sissel Farstad Bjerkeset serverer. Foto: Oddbjørn Harnes
Rolf Bjerkeset, mannen til Kari Sissel, er ifølgje henne «løpegutt» og vaktmeister. Her har han skaffe kvesser til sløve kjøkenknivar. Foto: Oddbjørn Harnes