Neste veke inviterer dei, saman med innflyttarar frå til saman 30 nasjonar, til Internasjonal veke på Gossen.

– Vi skal lage Zigni med Ingera, fortel Selamawit Tsehaye og nikkar anerkjennande. Men skjønnar at ho må forklare nærare når ho ser spørjande norske ansikt rundt seg.

Siste detaljane på plass

Det er midt i den siste planlegginga for den aller første Internasjonale veke i Aukra, og på Aukra frivilligsentral sit det ivrige medhjelparar rundt alle bord, klare til å planlegge gjeremåla sine. Dei tre damene frå Eritrea skal lage ein tradisjonell festrett frå heimlandet.

– Det er ein kjøtrett med løk, saus og krydder, og med pannekaker ved sida av. Det er kjempegodt, men tek lang tid å lage. Vi må begynne alt på laurdag, fortel dei.

Retten skal serverast på Soltun måndag, og Marta Tesfaldet, Selamawit og Mizan Tewelde er spente på om maten fell i smak. Dei gler seg til å koke for gjestane:

Lærer norsk

– Vi står på og lærer norsk så fort vi kan, slik at vi blir raskt integrert i det norske samfunnet. Men vi vil gjerne fortelje om bakgrunnen vår og kulturen vi kjem frå, så vi håper mange kjem til arrangementa neste veke, seier dei eritreiske damene som kom flyttande til Gossen for snart to år sidan.

Dei skal i tillegg til å lage mat, vere med og ordne og rydde under dei mange arrangementa i den internasjonale veka, og dei gler seg veldig.

– Det blir travelt, ja, men veldig kjekt, sier dei.

Multikulturelt samarbeid

Knapt eit halvt år etter at Eininga for innvandring og integrering vart etablert i Aukra, er einingsleiar Aud Lisbeth Lillebostad og rektor ved Aukra kulturskole, Malin Solberg, klare til å dra det heile i gang.

– Vi planla å sette opp førestillinga Fleire fargar for andre gong i kommunen, og ønska oss eit multikulturelt samarbeid, fortel Malin Solberg.

Valet fall naturleg på den nyetablerte innvandrings- og integreringseininga, og einingsleiar Lillebostad sa entusiastisk «ja»!

– Vi kjenner dei nyinnflytta i kommunen og ser på eit slikt arrangement som ein fin sjanse til å vise mangfaldet vi har, og på same tid få informasjon ut til folket om kvifor desse menneska har måtta flykte og kvifor dei må bu her, fortel ho.

30 nasjonar

Personar frå til saman 30 ulike nasjonar vil delta. Det startar med førestillinga Fleire fargar på Soltun søndag og endar med familiefest same stad laurdag.

– Vi er kjempespent på mottakinga. Vi har sendt invitasjonar til nabokommunane og håper aukraværingane går mann av huse. Her blir det musikk, mat og kultur kvar einaste dag, med «Den store reisa verda rundt» som punktum på familiefesten laurdag, fortel Aud Lisbeth Lillebostad.

– Dette blir vårens mest fargerike eventyr – her blir det mange fine opplevingar og høve til spennande møte med andre kulturar.