MIDSUND: Teknisk sjef Inge Rakvåg la fram presentasjon av den lenge etterlengta skuleutbygginga ved Midsund skule for politikarane.

Samrøystes og med applaus slutta kommunestyret seg til planen, som dermed skal utviklast vidare mot realisering.

– Fleksibelt

Føringane frå arbeidsgruppa omfattar mellom anna nybygg for 1.-7.-klasse aust på tomta, ungdomsskule i vestfløya, administrasjon i austfløya, og vaksenopplæring og kulturskule i kombinerte lokale i nybygget. Planen omfattar også skulefritidsordning, helsesøsterkontor, spesialrom og uteområde med fleire leikesoner. Skissa har også plan for ny tilkomst og trafikkløysing, utan løyring på skoleplassen.

– Prosjektet er tenkt som ein kombinasjon av nytt og «gjenbruk», med fleksible løysingar så ein kan tilpasse bruken etter behov, poengterte Rakvåg.

Dagens dokument tek så langt råd er utgangspunkt i forprosjektet frå 2011. Planen var då kalkulert til om lag 100 millionar kroner. Rådmann Ketil Ugelvik poengterte at dagens prosjektet nok må knaast og kanskje krympast før det før det er heilt klart.

– Ambisiøst Varaordførar Frits Inge Godø (V) sa seg godt fornøgd med både skisseløysinga og tempoet i arbeidet, og karakteriserte planen som ambisiøs.

Start i år?

– Ein sentralskule har vore ønske og behov i lange tider. No kan vi få løyst dette takka vere avtalen om å gå saman med Molde. Dermed kan vi klare denne skulekostnaden på 100 millionar kroner, utan at det går ut over drifta av kommunen elles, sa Godø. Han uttrykte håp om at byggearbeida kan komme i gang allereie i år.

Også ordførar Odd Helge Gangstad sa seg godt nøgd med arbeidet administrasjonen hadde gjort, og understreka at dette er ei svært viktig sak.

Applaus

Også på stolane bak politikarane vart det applaudert.

– Dette er historisk! kommenterte oppvekstrådgivar Siv Janne Håseth-Eik engasjert.

Også stortingsrepresentant Helge Orten som var innom og helste på, applauderte.

– Denne planen jobba eg også med, i forprosjektet frå 2011. Dette blir stilig, kommenterte Orten.

Plan: Dagens Midsund skule i fugleperspektiv – planen er store endringar. DRONEFOTO: MIDSUND KOMMUNE Foto: Midsund kommune
Innom: Stortingsrepresentant Helge Orten var heime, og følgde kommunestyremøtet frå «bakerste benk». FOTO: ANITA VINGEN Foto: Anita Vingen