Kommunestyret i Midsund gjorde torsdag vedtak om å starte utfylling i sjø for Antonbua kontorbygg og næringspark i Midsund sentrum.

Om lag 7.000 kubikkmeter masse skal hentast frå Straumsneshaugen. Kommunen skal også søke om ny avkøyring til Antonbua kontorbygg og næringspark, ifølgje vedtaket i kommunestyret. Teknisk sjef Inge Rakvåg orienterte i kommunestyremøtet om det praktiske med utfyllinga.

Fem ville ha oppdraget

Oppdraget med fyllinga har vore ute på anbod, der fem aktørar melde seg på i anbodsprosessen. To var med vidare i avklaringsrunde.

- Klagefristen i høve til anbodstildelinga gikk ut i går, utan at det var kome klager på denne. Dermed er vi klare til å skrive kontrakt, det er Opstad Maskin som er innstilt til oppdraget, opplyste rådmann Ketil Ugelvik.

Fornøgde politikarar

Politikarane er ivrig etter å få arbeida i gang, etter mange og lange rundar med avklaringar.

- Endeleg får vi begynt! Og det er positivt med ein lokal entreprenør til oppdraget, kommenterte Aslaug Jenset Sanden (H).

- Positivt at det skjer noko i kommunen. Og heilt utruleg kva tid ein skal bruke på å kaste nokon ut frå sin eigen eigedom, sa Frits Inge Godø (V).

- Det er med glede eg les, sa ordførar Odd Helge Gangstad (Sp) da han las opp tilrådinga for vedtaket, som vart gjort samrøystes.

Til retten

Rådmannen orienterte dessutan om utkastingssaka som kommunen har gåande mot Reidar Misund, som leiger naust og skur ved Antonbua til si kystkultursamling.

Saka går no til Tingretten, der det vert munnlege forhandlingar truleg rundt påsketider.

- Dette er trenering av saka, sa Ugelvik. Men poengterte at rettsbehandlinga ikkje vil ha nokon påverknad på framdrifta av utfyllingsarbeida.

Spør om pris for riving

Kommunen vil også gå ut og be tre lokale firma om pris på riving av tilbygg og naust ved Antonbua.