Folk på Vågstranda er svært skuffa over vedtaket om å legge ned skulen i bygda. No prøver både Sp og Ap å sikre vidare drift av skulen.

Tysdag er det kommunestyremøte på Åndalsnes. Dit er det varsla to interpellasjonar om nettopp Vågstranda skule.

Den eine kjem frå Senterpartiet, som spør kva det vil koste Rauma kommune å legge ned skulen på Vågstranda. I budsjettvedtaket i desember vart nedlegging ført opp ei innsparing på 3,5 millionar kroner for kommunen.

Magnhild Vik (Sp) trur dette like gjerne kan bli null, når skyssutgifter, utgifter til spesialundervisning og reduserte overføringar til Rauma kommune blir trekt frå.

– Eg forventar eit klart og tydeleg svar. Eg vil ha tala på bordet, seier Magnhild Vik.

Forslaget frå Sp går ut på at det ved budsjettjusteringa til våren blir lagt inn midlar til vidare drift av Vågstranda skule.

Den andre interpellasjonen kjem frå Arbeidarpartiet, som vil gje Vågstranda skule meir tid. Ap vil at Vågstranda skule skal drivast vidare til utbygginga av Måndalen skule står ferdig. Når dette skjer, er ikkje klart. Planlegginga startar til våren.

Nedlegginga av Vågstranda skule er blitt ein verkebyll i lokalmiljøet. Foreldra har reagert med å søke plass til barna på fleire skular. Alle dei sju førsteklassingane har fått plass på Vike friskule. Elevane i 2. til 6. klasse skal til Innfjorden skule, medan 7.-klassingane skal til Måndalen.

Vedtaket om nedlegging av Vågstranda skule vart fatta den 15. desember 2016, som ein del av budsjettpakken. Senterpartiet, ein frå Frp og to frå KrF stemte mot.

Men vedtaket hadde formelle manglar, dermed må saka opp att på ny i kommunestyret i mai.

– Dette er for seint. Vi må ha avklaring før. Det er dette eg håpar vi vil få signal om i kommunestyret tysdag, seier Magnhild Vik.

Ho var sentral i etableringa av privtskulen i Innfjorden, som er godkjent for 70 elevar. I dag har skulen 34 elevar. Dersom Vågstranda skule blir lagt ned, vil dei få 58 neste år.

– Elevane frå Vågstranda er sjølvsagt hjarteleg velkomne til Innfjorden. Men det er best for barn å få gå på skule i heimbygda. Når vi får tala på bordet, håpar eg at fleirtalet lyttar til dei klare meldingane frå folket på Vågstranda, seier Magnhild Vik.

På Vike friskule møter vi rektor Siv Elin Sæther. Der har elevar frå heimbygda førsteprioritet, men skulen tar også mot andre som søker, så langt plassen rekk.

– Vi har seks elevar frå vår kommune som skal begynne i 1. klasse til hausten. I tillegg kjem sju frå Vågstranda. Her er det fullt belegg. Grunnen til at vi klarer å ta mot så mange frå Vågstranda er det går ut 12 elevar frå 7. klasse på Vike i år. I 2018 blir det meir trangt om plassen, seier Siv Elin Sæther.

Totalt har Vike friskule 66 elevar. Fleire står på venteliste for plass til neste år.

Velkommunen til Vike: Alle sju 1.-klassingane frå Vågstranda har fått plass på Vike friskule til hausten, fortel rektor Siv Elin Sæther. Foto: Olav Skjegstad
Kjempar for Vågstranda: Magnhild Vik vil igjen foreslå at det blir sett av midlar til vidare drift av Vågstranda skule. Foto: Marit Heiene-
Vågstranda skule