SANDØY: Det gjeld og om naudmeldinga ikkje handlar om brann. Tysdag og onsdag denne veka var det storøvelse på Harøya der 14 personar frå Sandøy brannvesen, ti frå ambulansetenesta, to legar, to frå Molde Politistasjon og tre instruktørar frå Norsk Luftambulanse deltok.

Sandøy brannvesen var arrangør saman med Norsk Luftambulanse for det som kallast eit TAS 4-kurs (Tverretatleg Akuttmedesinsk Samarbeidsøving).

Ikkje berre brann

Både brannsjef Kim André Breivik og innsatsleiar for brann i Sandøy, Gerhard Fitje, fortel at dei færraste utrykkingane gjeld melding om brann.

– Ei utrykking er like gjerne ei utforkøyring, ein bilkollisjon, personskade eller ein hjartestans. I dei fleste tilfelle er det brannfolka som kjem først fram til adressa for nødmeldinga. Derfor er brannmannskapet godt drilla på helse «medan vi ventar på ambulanse». I brannbilen er der alltid med hjartestartar, oksygen, kompress og anna medisinsk nødutstyr, seier dei.

I førstninga må ein rekne med at politi er fysisk fråverande, men at politiet er inne på radiosambandet. Dersom politi møter fram til skadestad i Sandøy er dette først etter 1 til 1,5 timar. Her er det båtskyss frå Molde som er mest aktuelt.

Størst sidan 2012

Gerhard Fitje fortel at sist det vart halda ei større øving var i 2012. Øvinga denne veka handla mykje om korleis dei forskjellige etatane best kan samarbeide kommunikasjonsmessig. Og ikkje minst vere bevisste på kor viktig denne delen av ein hjelpeoperasjon er for å få eit vellykka hjelpeapparat til å fungere når ei nødmelding kjem inn til naudetatane 110, 112 og 113.

Kurset vart leia av instruktørane Ole Åker i Norges Brannskule, politiinstruktør Kjetil Solheim i Norsk Luftambulanse og Atle Frøberg som er nasjonal instruktør i same organisasjon.