SANDØY: Ungdata-undersøkinga på oppdrag frå Sandøy kommune viste at det er fleire som ikkje trivst på skolen og færre er fornøgd med si eiga helse samanlikna med ei tilsvarande undersøking utført i 2015.

– Det er alvorleg når fleire elevar opplever mobbing både på skolen og i fritida. Barn og ungdom sine oppvekstmiljø er tema når vi inviterer til folkemøte i Sandøyhagen torsdag 2. mars, fortel folkehelsekoordinator Lene Breivik.

Vil skape dialog

Saman med ordføraren har lagt planane for møtet. Dei vil ta med seg resultata og gå i dialog med foreldre, elevar, politikarar og heile lokalsamfunnet til ein samla innsats for å auke trivselen for barn og unge.

– Paul Gabor frå KoRus (Kompetansesenter rus) i Midt-Norge vil vere med. Og vi skal legge fram kva vi har gjort og kva vi har tenkt å gjere. Det vert gruppediskusjonar. Målet er å få fram kva som er viktig å jobbe vidare med, meiner folkehelsekoordinatoren.

Mange tema

Ungdata er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørjeundersøkingar. Elevar på ungdomstrinnet har svart på spørsmål som omhandlar eit bredt spekter av tema (foreldre og vener, skole, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoåtferd og vald).

Bekymra over resultata

– La det vere sagt; det er mykje positivt å trekke ut av undersøkinga, vi har mange flinke unge mellom oss. Men samtidig ser vi i kommunen bekymring på ein del av resultata. Vi har hatt dialogmøte på tvers av etatar. Frå 2015 er fleire tiltak sett i verk. Samarbeid mellom skolen og skolehelsetenesta er styrka.

Det skjer mellom anna gjennom program for elevane med fokus på psykisk helse. Denne inkluderer ei detaljert oversikt over tenesta sitt tilbod og tiltak i kvart skuletrinn, frå skulestart til 10. klasse.

Felles forståing

– Vi må skape ei felles forståing av utfordringsbiletet og saman kome vidare i arbeidet med å auke trivsel og helse blant ungdommane, meiner Lene Breivik, klar over at førebygging tek tid.

Paul Gabor frå Kompetansesenter rus i Midt-Norge kjem til Sandøy for å vurdere resultat for Ung data-undersøkinga og kva utfordringar som ventar. Foto: Agnar Gjendem Foto: Agnar Gjendem