Molde: – Vi er veldig glad for at vi har fått så mange frivillige vedtak om samanslåing. Og vi er glad for at regjeringa og støttepartia er samstemt så tidleg på året.

– Det er endå tid for dei kommunane som blir foreslått tvangssamanslått å kople seg på det arbeidet som dei andre kommunane har starta, seier ass. fylkesmann Rigmor Brøste til Romsdals Budstikke.

– I dag har vi tillegg fått vite at fleirtalet på Stortinget ønsker at Haram kommune blir ein del av Nye Ålesund kommune, legg ho til.

Venter på avstemming

Ho ventar spent på folkerøystinga i Herøy og Sande. Der kan det bli endå ei ny frivillig samanslåing.

– Med Herøy og Sande vil vi ha 18 kommunar i Møre og Romsdal som har gjort positive vedtak om samanslåing. Så langt i reformprosessen er det tre av desse kommunane som ikkje har friarar – Kristiansund, Surnadal og Vanylven.

Ikkje for seint

14. og 15. mars blir det nettverkssamling for alle nykommunane – der tilbodet også blir gitt til Haram, som så langt ikkje vil slå seg saman med kommunane rundt – Ålesund, Sandøy, Skodje og Ørskog. Men det er ikkje meir enn tida og vegen for dei kommunane som skal vere oppe og gå frå 1. januar 2020, påpeikar Brøste.

Går ikkje over

– Fylkesmannen har gitt ei tilråding om sju kommunar på lang sikt, og reforma har alt kome eit stykke på veg i forhold til kartet som vart teikna i fjor haust. Summert opp, har vi gitt ei tilråding på lang sikt, og statsråd Jan Tore Sanner peikar på at ein har god bruk for Fylkesmannens tilråding også vidare framover – for reforma går ikkje over, seier Brøste.

– Fylkesmannen er nøytral i det spørsmålet. Vi arbeider etter dei politiske vedtak som til ei kvar tid gjeld.

– Kva vil skje med innbyggarinitiativa, der det fleire stader er ønskje om grensejusteringar?

– Det ser ut for at regjeringa vil vente med å behandle grenseendringar. Konklusjonen kjem ikkje i år, det skal jobbast meir med saka. Så langt arbeider ein ut frå heile kommunar og heile fylke, seier Brøste.

Fylkesmann som før

I regionreforma ser det ut for at Møre og Romsdal får halde fram som eigen region. Fylkesmannen har fått signal om at også fylkesmannsstrukturen held fram uendra. Det er statsråden sjøl som avgjer organisering av statleg verksemd, og det er gitt føringar for at fylkesmannsstruktur og regionstruktur vil bli sett i ein samanheng.

– Men dette betyr ikkje at Møre og Romsdal ikkje har utfordringar. No må vi halde fram med å lene oss framover og utvikle oss. Fylkesmannen ønskjer blant anna å samarbeide med fylkeskommunen og KS for å vidareutvikle Møre og Romsdal som region. Vi må jobbe offensivt i lag på alle felt, seier Rigmor Brøste.

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste. Foto: Bjørn Brunvoll
Et stykke på veg: Fylkesmannens pressekonferanse 8. januar 2016, der fylkesmann Lodve Solholm la fram status for kommunereformen så langt. Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste legg no, vel eitt år etter, fram den langt på veg endelege fasiten.Foto: Per Tormod Nilsen Foto: Per