Rotary International har tildelt dei to æresbevisninga Paul Harris Fellow, den høgste utmerkinga som vert delt ut til enkeltpersonar som har gjort ein stor ueigennyttig innsats for lokalsamfunnet.

– Vi vil på denne måten få takke for det Arve Misund og Odd Fremstedal fekk skapt gjennom Øyavis i 33 år, fortel Arnstein Misund, leiar i Midsund Rotaryklubb.

Lang prosess

– Vi starta nominasjonsprosessen til Paul Harris Fellow hausten 2015. Dessverre så rakk vi ikkje å få utdelte denne til Odd, då han gjekk så brått bort frå oss i fjor, sa Arnstein Misund.

Kona Rigmor tok imot prisen på Odd sine vegne.

– Øyavis har hatt stor betydning som ei unik informasjonskjelde, den styrka samhaldet i lokalmiljøet og bidrog til at utflytta midsundingar var oppdatert på det som skjedde heime. Øyavis var ei unikt lokalavis i landssamanheng, sa Arnstein Misund under utdelinga.

Alltid eit tema

Ordførar Odd Helge Gangstad nemnde i si helsing den store betydninga Øyavis hadde, at det ikkje er ein dag på kommunehuset at den ikkje vert nemnt i ein elle anna samanheng.

– Vi saknar avisa, men må også akseptere at den er nedlagt og at dette var eit kapittel vi skal sjå tilbake på med takksamt.

Unikt produkt

– Redaktøren i Romsdals Budstikke hadde under sitt besøk i kommunestyret ein gjennomgang av utviklinga som skjer i media og aviser. I den samanheng var han også innom Øyavis, som han meinte var heilt unik i landssamanheng, sa Arnstein Misund.

Har sett sine spor

Arve og Odd er tildelt hedersbevisninga for sin store innsats for Midsund-samfunnet. Begge var aktive på mange frontar, i songkor, korps, slekts- og historielag.

Dei fotograferte gamle båtar og henta inn historisk stoff til bøker og presentasjonar og til gravminneregistrering. Men æresbevisninga er først og fremst knytt til innsatsen gjennom lokalavisa Øyavis.

Skapt på loftet

Sidan starten i mars 1983 vart det kvar månad skapt ei avis på loftet på kommunehuset. Det siste eksemplaret vart nummer 397. Det første var utan namn og logo. Ingen trudde avisa skulle overleve så lenge.

Mange gjorde ein innsats for at avisa kunne kome ut. To vart framheva spesielt og invitert til tilstellinga. Det var Judith Rakvåg, som frå 1987 og fram til slutt var ansvarleg for å sette opp avisa. Og Ivan Tangen, som frå 1999 og fram til slutt var ansvarleg for alle endringar i programvare og data.

Vart krevjande

Dei siste åra vart det krevjande for Øyavis. På hausten 2013 var redaksjonen i tenkeboksen, etter at Arve vart sjuk og Odd vart åleine med redaktør- og skribentansvaret.

I septemberutgåva i 2013 vart desse bekymringane sette på trykk. Responsen frå lokalsamfunnet var massiv. Få kunne tenke seg ei framtid utan Øyavis. Etter dette var det fleire som engasjerte seg og bidrog med artiklar til avisa.

Stadig meir ansvar

Men ryggmergen i Øyavis var Odd Fremstedal. Skribent og fotograf. Han hadde rekneskap og annonsefakturering.

Med hans bråe bortgang vart Øyavis eit lukka kapittel. Avis nr. 397 vart det siste, historiske eksemplaret.

Øyavis har sett spor etter seg i Midsund. Det har også Arve Misund og Odd Fremstedal, som er tildelt æresbevisninga Paul Harris Fellow. Kona Rigmor tok imot på vegne av Fremstedal. Med seg har dei Ivan Tangen, Judith Rakvåg og Kristin Ugelvik. Foto: Privat