Torsdag kveld inviterte Statens vegvesen til informasjonsmøte om tiltak på fylkesveg 661 mellom Vestnes og Tomrefjord.

Frykter sterk trafikk-auke

Dette kjem på grunn av Møreaksen. Fylkesveg 661 kan bli tilførselsveg til Møreaksen i fleire år før det kjem ny veg mellom Digernes og Tomrefjord.

Dei som bur langs fylkesveg 661 fryktar sterk auke i trafikken, og at det kan gå mange år før ny veg er på plass.

– Vi ønskjer ikkje Møreaksen-trafikk ved husa våre, sa Geir Stokkeland, ein av dei som blir direkte berørt.

Ny gang- og sykkelveg

Plankoordinator Asta Krattebøl sa at det kan ta tre til fem år før ny veg er klar, derfor tilrår Statens vegvesen å bygge ny gang- og sykkelveg. Her tar staten rekninga. Men dette vil berre skje med klarsignal frå Stortinget for å bygge Møreaksen. Utan Møreaksen blir vegen som i dag.

Planarbeidet med fylkesveg 661 vil gå vidare i tida framover, planen skal bli vedtatt i løpet av året. No startar arbeidet med grunnkjøp. Gang- og sykkelvegen blir tre meter brei med skulder, i tillegg kjem ein tre meter brei trafikkdelar mot vegen. Gangvegen blir lagt på nordsida av vegen.

Hindringar på Nakkedalsvegen

Når Møreaksen kjem, blir det viktig å styre trafikken inn på den. For å hindre lekkasje, kan det bli lagt hindringar på Nakkedalsvegen frå Fiksdal til Vatne, opplyste prosjektleiar Harald Inge Johnsen. Dette kan gå på redusert aksellast og redusert fartsgrense. Reaksjonane let ikkje vente på seg.

– Standarden på denne vegen er avvisande nok i seg sjøl. Eg trudde Statens vegvesen skulle gjere det betre for folk, ikkje vanskelegare, seier Kjell Magne Nakken, fiksdaling og kommunestyrerepresentant.

Blir avklart i juni

I tillegg til informasjon om tiltak på fylkesveg 661, vart det også ein gjennomgang av Møreaksen, som får ein 16 kilometer lang tunnel 357 meter under havoverflata med fem prosent stigning. Prisen er 14,5 milliardar for strekninga Vik-Julbøen, 2,5 milliardar av dette skal betalast med bompengar. I juni blir det avklart om Møreaksen får grønt lys. Når det gjeld strekninga Digernes-Vik, er det no opp til departementet å vedta traseval, opplyser strategisjef Kjetil Strand.

– Når det er gjort, kan vi starte planlegginga umiddelbart, la han til. Han sa at den totale kostnaden på å reise mellom Molde og Ålesund blir som i dag, når ein tar med tidsbruk i reknestykket. Men i kroner blir det dyrare med Møreaksen enn med ferje.