Vestnes kommune vil investere i nytt helse- og velferdssenter med sjukeheimdel på Vestnes. Det nye bygget skal reisast på området mellom dagens sjukeheim og Helland sentrum.

I innstillinga frå formannskapet skulle heile sjukeheimen sanerast, men det ville ikkje kommunestyret slutte seg til enno. Etter initiativ frå Senterpartiet samla heile kommunestyret seg om følgjande vedtak: I god tid før det nye helse- og velferdssenteret blir tatt i bruk, blir det tatt stilling til om kor stor del av dagens sjukeheim som eventuelt skal rivast.

Sel trygdeheimen

Tresfjord trygdeheim skal seljast til rimeleg pris mot eit godt lokalt konsept når det nye helsesenteret står ferdig, heiter det i vedtaket

Knut Romestrand (Sp) var skeptisk til behandlinga av Tresfjord trygdeheim, som stod ferdig i 1962. Han viste til at tilstandsrapporten for Tresfjord trygdeheim er laga for 17 år sidan, og at mykje er retta opp sidan den gongen. Han bad derfor om å få utarbeidd ein ny tilstandsrapport for trygdeheimen.

Uroa for plassar

På grunnlag av denne rapporten skulle framtida for Tresfjord trygdeheim bli vedtatt, foreslo Romestrand.

Romestrand kritiserte også at kommunen overser Eldrerådet gjennom mangelfull informasjon. Ordførar Geir Inge Lien beklaga dette, og lova betre informasjon.