Pengane skal hentast frå ubundne fond, heiter det i vedtaket. Men her er det lite å hente, kommunalsjef Magne Værholm opplyser at det no er berre 400.000 på fondet.

- Vi har ikkje pengar, men tar sjansen på å disponere med pengar vi ikkje har, sa Stig Holmstrøm (Ap) .

- Vi må selje eigedommar for å fylle opp fondet, svara Værholm.

Ville ikkje utsette

Eit forsøk på å få utsett saka vart nedstemt.  Stig Holmstrøm viste til at det mangla både vedlegg og vedtekter i saka, og sa at tilhøvet til grunneigarane var uavklart. Han lurte samstundes på kva som vil skje dersom også dei nye eigarane må gi opp drifta. Dagfinn Wik (Pensjonistpartiet) ba om at saka vart utsett, men dette fekk minimal støtte.

Same dag som saka kom opp, kom det eit nytt skriv frå Ørskogfjell Skilag, der dei ba om ytterlegare 300.000 kroner. Det fekk dei ikkje.

- Dette er nesten som eit forsøk på å utnytte godviljen til Vestnes kommune, sa Knut Flølo (Frp) Forslaget om å auke tilskotet fra Vestnes frå 3,7 til fire millionar kroner vart nedstemt.

Frustrasjon

Det er stor frustrasjon i det politiske miljøet i Vestnes over at nabokommunane på Sunnmøre aldri har støtta opp om Ørskogfjell Skisenter økonomisk, sjølv om sunnmørinane er flittige brukarar av senteret. For Vestnes kommune har Ørskogfjell Skisenter vore eit pengesluk.