HARØYA: – Det ser ikkje bra ut, kyrkja treng ytre vedlikehald. No har vi håp om at det skal skje i løpet av kort tid, fortel Oddhild Sandøy, leiar i soknerådet.

Sandøy kommune har sett av éin million kroner til prosjektet. Det var ein diskusjon om skifte av bordkledning eller nye strøk med måling var det beste.

Valde måling

– Det var nokre rundar på dette. Skifte av bordkledning er meir omfattande, og det er heller ikkje nødvendig. Utfordringa er å få måling til å sitte på det oljestoffet som er kledningen er smurt inn med, fortel rådmann Kim-André Breivik.

Dei siste åra er kyrkja «lappa på». No vert det jobba med anbodsgrunnlaget på ein omfattande jobb. Også Breivik har håp om at arbeidet skal vere i gang i løpet av sommaren.

Spent på pris

– Kommunen har sett av éin million kroner til vedlikehald av Harøy kyrkje, både rådmannen og soknerådsleiaren er spent på kva det vil koste og om dei avsette midlane er tilstrekkeleg.

– Eg har vore leiar i soknerådet i to år, det er knapt ei sak som har engasjert folket så mykje som dette. Det har også vore forslag om dugnader, men dette prosjektet egner seg ikkje til det, meiner Oddhild Sandøy.

Har lite pengar

– Om éin million kroner skulle vise seg å vere for lite, har ikkje fellesrådet så mykje å bidra med. Vi får rundt 1,2 millionar kroner i året, vi har opplevd kutt kvart år. Kyrkja er i dag bygd på fri vilje, det vi får i tilskot går til lønn og drift.

Håper på gåver

Etter at Sandøy kyrkje fekk eit løft for nokre år sidan, er det Harøy kyrkje som krev sitt. På Sandøya var det mange gåver som la grunnlaget for det gode arbeidet.

– Strekk ikkje dei løyvde midlane til, får vi håpe på gåver også til arbeidet med Harøy kyrkje. Folk i Sandøy kommune har alltid vist givarglede, veit soknerådsleiaren.

Krevjande

– Det er gammal høvla bord på kyrkja, der det vart brukt linoljemåling. Det var verdas beste løysing, den gongen. Men i dag er det ikkje måling med tekniske løysingar som gjer at ho sit på. Det er utfordringa, seier fagmann Odd Arve Orten.

Flassar av: Måling sit ikkje lenge på, den flassar av. Foto: Oddbjørn Harnes
Problematisk: Det er gammal høvla bord på kyrkja, der det vart brukt linoljemåling. I dag er det vanskeleg å finne måling med tekniske løysingar som gjer at ho sit på. Foto: Oddbjørn Harnes
Foto: Oddbjørn Harnes