Intense øvingskveldar går mot slutten – torsdag kveld er gamle og nye ildsjeler i Otterøen Revylag endeleg klare for nye spilloppar – sju år etter forrige forestilling.

– Vi har prøvd å sette opp revy fleire gongar undervegs – faktisk så har vi hatt to nesten ferdigskrivne forestillingar klare, men vi har vore for få til å kunne gjennomføre det. Men etter at vi la ut ein førespurdnad på Facebook, blei responsen enorm, fortel ei av drivkreftene bak årets forestilling, Charlotte Kirkeland.

Dagsaktuell humor

Noko fråfall vart det undervegs, men torsdag kveld går sceneteppet på Bygdheim på Midsund omsider opp for årets revy «Hit eit steg og dit eit steg», og dei åtte skodespelarane kan slå til med dagsaktuell humor og alvor.

– «Stikk ut» går som ein raud tråd gjennom årets forestilling, og vi kjem ikkje utanom verken Midsunstrappene eller andre dagsaktuelle skråblikk mot Midsund-samfunnet, fortel ein spent revygjeng, som i seine kveldstimar finpussar karakterar, replikkar og humoristiske uttrykk.

– Vi inviterer til fire forestillingar og håper på fulle hus alle gongane, fortel Kirkeland.

Gir ikkje ved dørene

Når RB møter revy-gjengen på bakrommet mandag kveld, er det meste på plass – kunstferdig utforma kostymer heng klar og vi aner spor av både idrettslag og frakkeforkle på knaggane i garderoben. Men dei gir ikkje ved dørene, den hardtarbeidande revy-gjengen. Lure blikk og halvkveda viser er alt vi får. Her vert ikkje letta på sløret før teppet går opp torsdag kveld.

– Vi starta arbeidet med forestillinga i fjor vår, men tok for alvor laus i haust med møter kvar veke. Då var det alle mann på dekk, med idémyldringar og mykje tullprat. Undervegs har vi både måtte tatt vekk og lagt til – og dei aller siste detaljane har kome på plass etterkvart som karakterane har vorte skapt og kostyme har kome på plass. Men vi veit ennå ikkje kor lang forestillinga blir, ler Charlotte Kirkeland.

Håper på fulle hus

Raske blikk vekslar mellom revy-gjengen når vi spør om smakebitar frå forestillinga, men innhaldet i den etterlengta revyen vil dei ikkje utan vidare avsløre.

– Det blir både tårer og latter, lovar dei, men held ellers korta tett til brystet.

– Vi håper folk møter opp og at forestillinga kan rekruttere nokre fleire revy-entusiastar. Då treng det ikkje å bli like lenge til neste gong, seier Carlotte Kirkeland, som merkar presset inn mot premiera.

– Det er intense dagar før forestilling, men vi gler oss veldig og er veldig spent, legg ho til.

Forestillinga «Hit eit steg g dit eit steg» går på Bygdheim torsdag, fredag og to gongar på laurdag.

KVA: Otterøen Revylag: «Hit eit steg og dit eit steg»

TID OG STAD: Bygdheim 16. feb kl. 19.00, 17. feb kl. 19.00 og 18. feb. kl. 14.00 og 18.00

Ingen veit kva denne dama hiv utav seg under årets revy, men det floka seg visst til under hårrullane, avslører Eva Gangstad. Foto: Gunn E. Aarønes
Musikk-følget står desse karane for: Frå v. Olav Tangen, Odd Kjetil Valvåg og Kjetil Gjetmundsen. Asgeir Nerbø blir også med. Foto: Gunn E. Aarønes