Aftenposten har undersøkt kva inntekt fylkestings- politikarar og fylkesordførarar hadde i fjor, og finn at fire fylkesordførarar ligg på nivå med statsrådsløn på 1,2 millionar kroner.

– Fylkesordførar Jon Aasen, ifølgje A-posten tener du om lag det same som ein statsråd. 1,173 mill. Stemmer det?

– Summen stemmer nok, men dette har eg ikkje reflektert over. Godtgjersla for fylkesordføraren i Møre og Romsdal er fastsett ved at den er lik lønna til fylkesrådmannen. Så storleiken på beløpet har eg ikkje lagt meg borti, seier Aasen.

– Er det rimeleg?

– Det har eg aldri tenkt på. Eg trudde i grunnen at alle var avløna etter same prinsipp. Eg synest også det blir litt søkt å samanlikne statsrådar og fylkespolitikarar, vi har ikkje fri bil, bustad og andre gode.

– Kva består lønna di av?

– Det er ei fast godtgjersle utan tillegg, ein årssum delt på 12 for utbetaling kvar månad. Ordninga omfattar ikkje feriepengar, sjukelønn eller anna som vanlege lønsforhold utløyser. Det er også ein jobb der ein er «på» og tilgjengeleg heile tida, døgnet rundt alle dagar i veka. Det er ein travel jobb med full timeplan heile tida.

– Kor mykje tener ein fylkespolitikar i Møre og Romsdal?

– Der ligg vi under landssnittet, tala som var presentert viste vel 352.000, mot landssnittet på om lag 360.000. Men dette kjem ein del an på korleis fylket er organisert – medan vi har etatsjefar i administrasjonen, er det i nokre fylke politikarar som har denne rolla og er betalt for jobben.

– Bør granskast

Forskar i Nivi Analyse, Geir Vinsand, seier lønnsnivået og lønnsforskjellar som Aftenposten peikar på, ikkje er til å tru. Han seier politikarane står fram som «ansiktsløse politikarar med høg gasje», og at fylkeskommunen bør granskast.

– Kva er din kommentar til det?

– No trur eg ikkje at vi står fram utan ansikt, vi har ein god del oppgåver og gjer ein jobb som eg trur folk flest kjenner. Samtidig forstår eg at folk legg merke til dette.

– Kan det utløyse politikarforakt?

– Om lønnsnivået vert oppfatta som umoralsk, så kan det vere fare for det. Men her må ein sjå lønna opp mot jobben som vert gjort.

– Er storleik på honorar tema blant fylkespolitikarar?

– Om ein skal vurdere endringar her, må det i så fall vere KS som eventuelt tek tak i dette og lagar ei norm, seier Aasen.