Med base i Eresfjord, tek Tore Rød oppdrag over heile fylket og vel så det med firmaet sitt «Rød skog og fjell».

– Eg etablerte firmaet i 2011, inspirert til skogsarbeid etter å ha prøvd det i Canada året før, fortel Tore Rød.

Skiboms og skogplantar

Skogsarbeidaren er litt over snittet interessert i skikøyring, og tok etter ingeniørutdanning eit friår som «skiboms» i Canada. Der fekk han saman med andre skikøyrarar jobb med å plante skog.

– Læringskurven var bratt. Etter å ha planta 120.000 plantar der, tok eg med meg interessa for skog da eg reiste heim, seier Rød.

Sa opp fast jobb

Rett nok har han i mellomtida også jobba som landmålar, og som feltingeniør i Axess.

– Men eg ville heile tida tilbake til skogsarbeidet. Eg liker veldig godt å vere ute, og å vere i fysisk aktivitet. Heller det enn å sitte framfor ein pc! Så i januar 2015 sa eg opp ingeniørjobben for å satse for fullt i skogen. Etter ein litt forsiktig start, inneheld ordreboka no oppdrag stort sett kvar veke. No kan eg leve av dette – om enn ikkje veldig feitt, seier Rød.

Ulike oppdrag

For tida ryddar han eit landskapsvernområde på Fjørtofta for sitkagran. Elles går det mykje i oppdrag for Allskog, og rydding av linjetrasear.

– Eg tek alle slags skogsoppdrag, gjerne der ordinær skogsdrift er vanskeleg og ein ikkje kjem til med maskiner. Elles vert det ein del rydding og stell av ungskog, og om våren utplanting, seier Rød.

Og legg til at han også tek oppdrag for private som treng hjelp med skogrydding og trefelling.

Arbeidet kan vere tungt og tidvis potensielt farleg, det gjeld å vere i god form og ha rett teknikk.

Eigen sjef

Stort sett jobbar han åleine.

– Mellom fordelane med denne jobben, er at ein er sin eigen sjef, eg legg opp arbeidsveka som eg vil. Er det fint skiføre, kan eg prioritere ein topptur, humrar Rød.

Om våren plantar Tore Rød ut tusenvis av småplantar i hogstfelt. Foto: Privat
Område på Fjørtofta, som Tore Rød nyleg rydda for sitkagran. Foto: Privat