Kommunestyret i Nesset har utbygginga til behandling på sitt møte torsdag. Rådmannen tilrår prosjektet, med ei total kostnadsramme på 123. 000. 000 kroner.

16 omsorgsbustader

Allereie for to år sidan vart det gjort vedtak om planarbeid for bygging av 16 omsorgsbustader, lokale til heimeteneste og hjelpemiddelformidling i nytt bygg sentralt i Eidsvåg. No er det sett i samanheng med også andre helsetenester som har behov for opprusta lokale.

– Ideell tomt

Administrasjonen foreslår plassering av bygget på den sørlege delen av parkeringsplassen ved kommunehuset.

– Tomta ved kommunehuset er ideell for omsorgsbustader, med sjønær plassering, god utsikt og gode solforhold. Det er sentrumsnært, men likevel tilbaketrekt frå hovudvegen. Her kan bebuarane komme seg til butikk og andre tilbod på eiga hand, med rullator eller rullestol. Tomta er tilknytt strandpromenaden, og slik godt tilrettelagt for fysisk aktivitet, heiter det mellom anna i saksutgreiinga.

Det har vore sett på to ulike alternativ for bygget.

Må pælast

Det har vore utført grunnundersøking for tomta, denne viser at eit bygg i 2–3 etasjar her må fundamenterast på pælar, slik også andre omkringliggande bygningar tidlegare er fundamentert. I saksutgreiinga er det ikkje tatt høgde for kostnader med dette.

– Fordel å samle

Undervegs i forprosjektet har det blitt peikt på at det vil vere fordelaktig å samle også legesenter, tannhelsesenter og ambulansetenesta i same bygg. Om dette er aktuelt, heng saman med plassbehov og mogleg behov for sanering av austfløya/helsefløya på kommunehuset.

Det vert argumentert for at dette vil vere framtidsretta for eit samla og sterkt tverrfagleg miljø, med høve til meir samarbeid og større tryggleik. Det vil også vere positivt for framtidig rekruttering av helsepersonell.

Tilleggsforslag

Rådmannens framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke i formannskapet. Der la også ordførar Rolf Jonas Hurlen fram eit tilleggsforslag om å lyse ut konkurranse med forhandlingar om bygging omsorgsbustadane med lokale for heimetenesta, før detaljprosjekteringa vert sett i verk.

Han foreslo også at før ei eventuell rehabilitering av austfløya, får ein avklart med dagens leigetakarar interessa for renovering eller sanering, og eit nytt helsebygg sør for dagens bygg.

Han foreslår også forhandlingar med Helseforetaket om plassering av ny ambulansestasjon i det tenkte helsebygget.

Siste punkt i framlegget inneber at ny sak om val av alternative løysingar for helsesenter, omsorgsbustader og heimeteneste vert lagt fram for kommunestyret til sluttbehandling i juni 2017.

Forslaget fekk 4 stemmer i formannskapet, 3 stemte i mot.

Uansett kommunal eller privat utbygging, vil byggestart for begge alternativa tidlegast kunne komme i gang i 2018.

Finansiering

Prosjektet er tenkt finansiert med auka låneopptak, tilskot frå Husbanken og meirverdiavgiftskompensasjon. Detaljprosjektet skal gjennomførast i 2017, med løyving på 700 .000 kroner, går det fram av sakspapira.