Dette er innstillinga frå administrasjonssjefen når saka kjem opp i Vestnes kommunestyre torsdag.

Her blir det lagt opp til at kommunen som eigar av skisenteret må inn med enda meir aksjekapital for å dekke utgiftene. I fjor plussa dei på 600.000 kroner, no er det behov for enda meir.

Millionutgifter

Aksjekapitalen i selskapet er i dag på litt over tre millionar kroner. I forslaget blir aksjane overdratt vederlagsfritt til det nye selskapet. I tillegg må kommunen innfri lån på litt over tre millionar, slik at det nye selskapet startar med blanke ark økonomisk.

– Vi gjer dette for å sikre vidare drift ved anlegget. Dessutan må vi følgje opp vedtaket frå kommunestyret i fjor om å selje anlegget, seier ordførar Geir Inge Lien i ein kommentar til Romsdals Budstikke.

I saksutgreiinga står det at det har vore fleire interessentar til å overta anlegget. Geir Inge Lien seier at desse har vore vurdert, men det har ikkje resultert i noko.

Null i inntekt

Dermed står Ørskogfjell Skilag igjen. Dette er eit selskap som vart stifta 12. desember i fjor, med medlemmar frå Vestnes og fleire kommunar på Sunnmøre. Dei leiger no anlegget av Vestnes kommune og hadde planlagt å starte sesongen i januar. Men då alt var klart til opning kom mildvêr og regn, det har dermed ikkje vore ein einaste driftsdag og null kroner i innkøyring i 2017.

– Vi er klare til å opne så snart snøen kjem. Målet er å overta anlegget, vi håpar at det kan skje så snart som råd, dersom kommunestyret går for innstillinga, seier Marianne Lied Sæter, styreleiar i Ørskogfjell Skilag AS. Dei ventar samstundes på at Norges idrettsforbund skal godkjenne Ørskogfjell skilag.

Styreleiar i Ørskogfjell skisenter, Martin Kjøpstad, opplyser at dei skal ha ekstraordinær generalforsamling den 20. februar. Med positivt vedtak i kommunestyret torsdag kan då skisenteret raskt overførast til den nye eigaren.