Tilbod er utlagt, eit stort og omfattande arbeid med prosjektet i Midsund sentrum er godt i gang.

– Ein spesialist på gamle bygg har gjennomført oppmåling og tilstandsvurdering av Antonbua. Det viser seg at tilstanden er dårlegare enn kva vi hadde forventa, sa rådmann Ketil Ugelvik da han orienterte kommunestyret.

Kulturavdelinga har gjennom Riksantikvaren fått 100.000 kroner til formålet. Skriftleg rapport vil snart ligge føre.

Skissekonkurranse

– Det kom forslag om at vi bør invitere arkitektar til skissekonkurranse om korleis Antonbua, nybygget og tilstøytande område i Midsund sentrum kan utformast. Spørsmålet er om vi skal invitere tre eller fem firma, sa Ugelvik.

Arkitektkonkurranse

Cubus Arkitektkontor i Bergen vant konkurransen om sentrumsutforming ved konkurransen i 2013. Sjøl om dette ikkje kan nyttast i dag, var det naturleg å invitere dei igjen. Like eins Snøhetta-gruppa, i tillegg ein eller fleire lokale aktørar.

Klargjere behov

– Før vi lyser ut ei arkitektkonkurranse, må både kommunen og næringslivet klargjere sine areal- og rombehov. Og kommunen må få fram kriterium som kan ligge til grunn for kåring av ein vinnar, orienterte rådmannen.

– Samtidig som rapporten om Antonbua vil vere eit viktig dokument for arkitektane. Her kan vi få svar på kva som kan nyttast og ikkje nyttast. Rapporten vil legge føringar på vegen vidare for sjølve Antonbua.

Bygger tomta

Det har vore jobba med klargjering av tomta, mellom anna med utfylling i sjøarealet. Det er også eit spørsmål kor det skal hentast masse.

– Anbodssynfaring er gjennomført, fem interessentar møtte. Anbodsopninga vil fortelje kva dette vil koste. Og målet er at utfyllingsarbeidet skal vere ferdig før ferien.

Utflytting frå naust

Saka om rydding og utflytting av kulturhistoriske gjenstandar frå naustet ligg hos namsmannen, som er lensmannen i Sund.

– Både ordførar og rådmann har vore i møter og arbeider med å finne eigna lagringsplass for inventar og gjenstandar både frå Antonbua og naustet, orienterte rådmannen.

Dårleg tilstand: Ei gjennomført vurdering viser seg at tilstanden på Antonbua er dårlegare enn kva vi hadde forventa, orienterte rådmann Ketil Ugelvik i kommunestyret. Foto: Agnar Gjendem