Tre søskenpar, ein sveisar og ei som sang på koreansk: Det var ingen tvil om at årets UKM i Aukra framviste både breidde, tyngde og orginalitet.

Mest orginal blant utstillarane var Ole August Iversen (17) sitt kunstverk i sveisa stål.

Nybrotsarbeid

- Eg hadde nokre smådelar i syrebehandla, rustfritt stål liggande som eg ville øve meg med. Det blei eit tre som eg syntest vart ganske fint, fortel Ole August Iversen (17). Han er til dagleg å finne på Astero i Molde, der han har praksis i forbindelse med utdanninga si ved Fæna vidaregåande skole.

- Vi øver ein del når vi har tid, og eg syns handverket er fascinerande. Sveising har liksom ingen avgrensingar, og når vi får frie tøylar så kan det bli fine ting, fortel den unge gossingen, som ennå ikkje har bestemt seg for om sveisinga skal bli levevegen hans i framtida.

- Kanskje. Eg synes det er artig å halde på og er ganske fascinert av sveising, så kven veit, smiler han lurt.

Gjengangarar

Mange av årets deltakarar på UKM i Aukra var gjengangarar frå tidlegare år og dermed vart nivået på innslaga svært høgt.

Av dei som entra scena var det mellom anna tre søskenpar, og nytt av året var ei lang rekke utstilte kunstverk: Foto med og utan drone, akvarellmåleri, plakatar og ikkje minst tekningar i pointilisme, eller dotte-teknikk.

- Dette arbeidet har eg brukt over 100 timar på, fortalde Lina Mathilde Leren (18) frå Julsundet.  Teikninga hennar «Ensomhetsfjellet», er 60 x 80 cm og består kun av prikkar.

- Eg er veldig inspirert av hobbittar, og akkurat dette bildet var veldig mykje arbeid, innrømte kunstnaren.

Krevande jobb

Juryen, som bestod av Umekhaer Mohamed Abdi, Oliver Ræstad, Jan Knutsen, Therese Hildre Solem og Jan Petter Skomsø hadde ein krevande dag på jobben, og enda med følgande deltakarar som skal representere Aukra på Fylkesmønstringa i Midsund 31. mars til 2. april.

Kine Sporsem med Britney Spears’ «Toxic», Max og Finn Øverland med den sjølvkomponerte låten «Shallow Grave», og Ihne Småge Hunnes og Ivan Larsen med sistnemnde sin låt «Impatience».

I kunstkategorien gikk Lina Mathilde Leren vidare med kunstverket «Ensomhetsfjellet», teikna i dot-work og Amalie Løwe med akrylmåleriet «Joy of Bob Ross».