GJEMNES: Banneret som er ein knapp meter breitt, er hengt opp ved sida av vegen, rett innanfor Gjemnes kommune.

– Dette er banneret som vi brukte da vi markerte under Nordmørskonferansen nyleg, stadfester talsperson Per Gimnes i aksjonsgruppa «Gjemnes = Nordmøre», ei gruppe tilknytt Gjemnes Ytre.

Aksjonsgruppa vil behalde Gjemnes som eigen kommune, og jobbar mot samanslåing med Molde, slik fylkesmannen har foreslått.

– Ikkje banneraksjon

Gimnes avviser likevel at det er snakk om ein banner-aksjon.

– Banneret er hengt opp på privat initiativ. Målet er vel å vise dei som pendlar til Molde punktet der dei kjem heim til Nordmøre. Eg er litt usikker på kva eg synest om dette, vi får sjå litt nærmare på det, seier Gimnes.

– Fin markering

Ein som heilt klart synest banner og opphenging er både fint og greitt, er Steinar Wiik Sørvik, Nordmørslistas kandidat til Stortingsvalet.

– Dette er fint! Gjemnes er og vil alltid vere ein del av Nordmøre. Mange der er opptatt av det, og folk må få sei frå og markere. Det ligg ingen provokasjon i dette, kommenterer Wiik Sørvik.