I kjellaren på Kviltorp skule viser Enøk-ansvarleg Kristian Hollingen i Molde eiendom fram det nyrenoverte klimaanlegget, saman med teknisk inspektør Sveinung Vågen. Anlegget er bygd om og oppgradert slik at ventilasjon og energibruk er blitt meir effektivt.

– I botnen ligg krava til inneklima. Så må vi utnytte og styre energien mest mulig effektivt i pakt med desse krava, seier Kristian Hollingen, ingeniør energi og sentral driftskontroll i Molde eiendom.

Fiksa anlegg – slepp oljefyr

I ei ideell verd skulle han hatt pengar til å restaurere eldre kommunale bygg fullstendig. Det ville gitt høve til å utnytte best mulig den energien som trengst til oppvarming og ventilasjon. Når det ikkje lar seg gjere, tar dei grepa som gir størst utteljing med lågare kostnad. Som å fornye og oppgradere tekniske rom med klima- og ventilasjonsanlegg. Da gjenvinn dei varme meir effektivt, og bruker mindre energi på «å flytte lufta».

– På Kviltorp måtte vi før nytte både elektrisitet og oljefyr om vinteren. No slepp vi å bruke oljefyren i det heile tatt. Vi bruker berre litt mer straum, seier Hollingen.

Inntil 30 prosent meir effektivt

Med oppgraderte klimaanlegg, blir ca. 85 prosent av energien gjenvunne, mot mellom 55 og 70 prosent før. Kristin Tangvik, leiar for driftsavdelinga i Molde eiendom, anslår at effekten er inntil 30 prosent betre:

– Når vi har mange større bygg, merkar vi det godt. Vi har starta med bygg der vi har vore avhengige av oljekjelar. Målet er å fase ut alle desse, seier ho.

Stiller høgare krav til seg sjølv

Kristian Hollingen seier kommunen på feltet klima- og ventilasjon køyrer høgare krav enn dei som er i tekniske forskrifter.

– På det viset får vi mykje att for lite innsats, seier han.

– Dette er eit arbeid vi gjer heile tida i alle formålsbygga våre (kommunale bygg som ikkje er utleigebustader).

– Fekk litt sjokk

Når effekten av betre klimaanlegg og klimastyring ikkje blir så bra som venta, er det omtrent alltid for dårleg isolering som er forklaringa, seier Hollingen. Dei siste par åra har kommunen trappa opp slike tiltak. Mellom anna har dei isolert taket på Kirkebakken:

– Der fekk vi litt sjokk da vi såg effekten. Før kunne det vere for kaldt der om vinteren. No er det ikkje det – og vi treng ikkje lenger bruke den stygge oljefyren, seier Hollingen.

Også på Råkhaugen er oljefyren fasa ut. Men fyrane blir ståande til bruk for naudaggregat.

Overvaker døgnet rundt

Eit svært viktig grep er overvaking døgnet og veka rundt av energibruken. Frå kontoret til Molde eiendom kan vi følge kurvene for kvar time og dag, korleis energibruken hoppar opp i høge stolpar når ein skule eller barnehage er i bruk, og fell ned på kveld, natt og helg.

– Datastyring sikrar ein mest mulig effektiv balanse mellom krava til inneklima og energibruken, seier Hollingen.

Mellom anna er dei strenge på at ventilasjon ikkje køyrer fleire timar enn den må for å fylle krava til inneklima.

Kvam var siste skule som blei lagt under sentral digital styring. Da står det att berre nokre få bygg, som Idrettens Hus og nokre eldre barnehagar.

I nye bygg gjeld varmepumper med bergvarme. Det er tilfelle for kulturskulen med fengselet, krisesenteret, Vågsetra, og snart Sellanrå skule.

– Eg er fan av den løysinga. Nye bygg har også kjølebehov, og det løyser bergvarme godt, seier Hollingen.

Måler seg mot nasjonale tal

Det er sett nasjonale måltal for kor mykje energi ein må rekne med å bruke per kvadratmeter i ulike typar bygg. Norske kommunar rapporterer inn tal for energibruken sin til SSB no i februar, og får info tilbake om status for Molde i forhold til andre kommunar.

– Vi har som mål å vere betre enn landssnittet, og det har vi vore, seier Hollingen.

– Kan vere stolte

Avdelingsleiar Kristin Tangvik seier dette:

– Molde kan vere veldig stolt av sin kommunale bygningsmasse. Når Sellanrå blir ferdig, har vi ein kjempegod standard. Det skal politikarane ha kred for. Det er flott å få jobbe med eigedom i Molde, med Kristian her og driftsteknikarane rundt i bygga som er på hogget for best mulig drift kvar dag. Det skal ingen vere i tvil om!

Etter oppgraderinga av klimaanlegget på Kviltorp skule, treng dei ikkje lenger desse blå oljefyrane til oppvarming. Men dei kan bli ståande til bruk for naudaggregat. Teknisk inspektør Sveinung Vågen (t.v.) og ingeniør innan energi og sentral driftskontroll Kristian Hollingen. Foto: Erik Birkeland