Det seier logoped og pedagogisk rådgivar Lise Gallagher ved skoleavdelinga i Molde kommune. Ho uttalar seg på generelt grunnlag om korleis moldeskolen per no forheld seg til elevar med dysleksi.

– Vi har stort fokus på dysleksi, det er mange elevar som er ramma av dette. Vi har hatt alle lærarar i kommunen på kurs med Dysleksiforbundet i haust, det var veldig nyttig, seier Gallagher.

– Konkret, korleis møter skolen desse elevane?

– Det vil variere frå skole til skole, det er ingen standard.

Dysleksi kjem i svært mange ulike variantar, så ein må sjå an kva problem eleven har, og lage individuelle opplegg.

– Når er det vanleg å oppdage problemet?

– Vanlegvis kan barn lese ved 8-årsalder. Men mange som har dysleksi har god hukommelse, og lærer seg eksempelvis leseleksa utenat. På skolen les dei eigentleg ikkje, dei repeterer det dei har lært. Så ofte blir det først klart på mellomtrinnet, når tekstmengdene begynner å bli så store at det er uråd å huske alt.

– Kva er gangen i ei slik sak?

– Når det vert oppdaga at eleven strevar, melder ein dette til PP-tenesta, som gjer ei utgreiing og skriv rapport. Der ser ein på kva utfordringa er, og legg fram faglege råd om kva tiltak eleven bør ha. Tilpassa undervisning og pc med eigna programvare er klassiske tiltak, seier Gallagher.

– Korleis er kapasiteten til å følge opp?

– Elevar med behov skal få PPT-utgreiing i løpet av tre månader.

– Kva skal foreldre gjere om dei opplever at problemet ikkje vert tatt på alvor?

– Først tek ein det opp med kontaktlærar, eventuelt rektor eller inspektør. Ta ein prat og snakk om situasjonen, så finn ein fram til tiltak, eller det vert teke vidare, seier Gallagher.

Ho poengterer at ein stadig får meir kunnskap om dysleksi, og at det stadig kjem nye og enklare hjelpemiddel, mellom anna har fleire nye appar vist seg effektive.

– Uansett strevsamt

Gallagher poengterer likevel at for den som er uheldig å ha dysleksi, så er det ingen kjappe løysingar på problemet.

– Den som har dysleksi, må alltid jobbe dobbelt så hardt som andre, uansett kor gode hjelpemiddel ein har, seier ho.

– Kva seier du til dei som opplever det vanskeleg og trasig på skolen?

– At dei må stå på, og ikkje gi opp! Og dei må vite at det er mange som slit med det same, og at ein uansett kan nå langt. Vi har både konge og statsminister som har dysleksi, seier Gallagher.