Det som måtte ut var ein svært personleg tekst der sekstenåringen fortel om ein barndom prega av dysleksiproblem og mobbing, og kor viktig bestefaren var for han midt i alt det vanskelege.

Sett av mange

Sist helg la han den sterke teksten ut på Facebook – eit innlegg mange har lese, likt og delt. Alexander synest det er greitt å snakke om dette no, og møtte denne veka Romsdals Budstikke saman med mor Mariann Oppigard Hanekamhaug.

– Tøft

– Det har vore tøffe tider, erkjenner begge.

Særleg åra på barneskolen, den tida var kvardagane så vanskelege at han stadig tenkte på å ta livet sitt.

– Hadde det ikkje vore for morfar, hadde eg nok ikkje vore her no – da hadde eg nok tatt livet mitt som 10-åring, seier Alexander.

To problem

For på skolen var det gjennom heile barndommen vanskeleg for Alexander. Han og familien fekk to tunge ting å handtere: Dysleksi og mobbing.

– Det var sju år med smerte og tårer kvar dag. Det var ikkje til å halde ut, seier Alexander.

Lesevanskar

Mariann fortel om trasige år. – Vi oppdaga tidleg at ting ikkje var som det skulle. Vi sa frå, men opplevde ikkje å bli tatt på alvor. Vi skulle vente og sjå. Til slutt gjekk vi sjølv direkte til PPT, og opplevde endeleg å få hjelp, seier Mariann.

Dei fortel at i femte klasse kunne Alexander framleis ikkje lese, og at det utan tilrettelegging også vart vanskeleg for han å henge med i andre fag.

Kamp

– Folk trur at det er så mange hjelpemiddel og så godt tilrettelagt for den som har dysleksi, men det er ikkje vår oppleving. Vi opplevde at hjelpemiddel ikkje vart utnytta og godt brukt, som dataprogram og ulike lærestrategiar. Vi opplevde skolekvardagen som ein stadig kamp for å få i stand og følge opp avtalar som kunne hjelpe, seier Mariann.

Ho roser Alexander for innsatsen han har lagt ned:

– Han har stått på som ein helt, brukt timevis på lekser andre ville gjort i ein fei. Det har blitt nokre tårer over bøkene opp gjennom åra, seier mor.

Mobbing

Alexander fekk det tungt også på grunn av mobbing.

– I førstninga prøvde eg å bli venner med folk i ulike gjengar, men eg vart tidleg utpeika til å vere mobbeoffer. Eg var liten og spinkel, og var eit lett mål. Det var dytting og plaging, yoghurt helt i ranselen min, at dei tok sakene mine og gjorde livet surt. Eg opplevde ting som gjorde at eg bestemte meg for aldri meir å stole på nokon, for å unngå å bli såra. Eg slutta å prøve å få venner, og heldt meg for meg sjølv. I staden for å bruke krefter på det sosiale, ville eg bruke energien på skolearbeidet, fortel Alexander.

Opprydding

Ein ny lærar mot slutten av barneskoletida vart eit lyspunkt, med opprydding både med tanke på mobbing og med betre tilpassing læringsmessig.

– Plutseleg skjedde ting. Det viser kor viktig det er at lærarar ser den einskilde, og også tek ansvar og har vilje til å rydde opp, seier mor og son.

Mykje var likevel gått tapt.

– Vi veit at gode opplevingar i barne- og ungdomstida er viktige byggesteinar i eit liv, byggesteinar som Alexander manglar. Han har i staden mange triste erfaringar, og det er viktige ting han ikkje har vore med på. Han har ikkje opplevd å vere eit fritt og ubekymra barn i leik på skoleplassen, han har ikkje «hengt rundt» med andre ungdommar, har ikkje delteke i prosjekt som gir fellesskap. Etter kvart kjende også vi som foreldre oss utanfor på foreldremøte og 17. mai-feiring på skolen, og til slutt droppa vi det, fortel Marianne.

Ho fortel også om kor vanskeleg det var som forelder å måtte sende guten på skolen når ein visste at han ikkje hadde det bra der, mista matlyst og ofte kom gråtande heim.

Vurderte å flytte

Da tida for overgang til ungdomsskolen nærma seg, tenke familien mykje på korleis dette skulle handterast. Dei såg mørkt på at han skulle halde fram i det same miljøet.

– Vi vurderte å flytte til ein annan kommune, men det er jo også mange andre ting, med jobb, bustad, og ein veslebror som også måtte få ha stabilitet, seier mor. Løysinga vart Molde friskole for begge barna.

Pusterom

Tida der vart eit pusterom for Alexander, med liten klasse, lærarar med tid og forståing, hjelpemiddel som fungerte, og andre elevar som også hadde opplevd mobbing. Men etter halvtanna år bestemte Alexander seg for å gå over til sin lokale ungdomsskole.

– Eg hadde fått ro til å finne ut av meg sjølv – og bestemte meg for å gå tilbake til den gamle klassen. Eg tenkte at å bli i det vesle, snille miljøet på friskolen, ville bety ein brutal overgang til vidaregåande skole. Så for å gjere det greiare for meg sjølv på sikt, bytta eg skole. Eg hadde jo ønska både venner og «fred», men fann at alternativet var fred og likegyldigheit. Så eg heldt meg for meg sjølv, fortel Alexander, som no går på vidaregåande skole.

– Usikker

Han er poengterer at han vil ordne opp i ting sjølv, og tenker at «det som ikkje tek livet av meg, gjer meg sterkare».

– Men eg er vel usikker på om det der stemmer, kanskje har dette skada meg for alltid. Heilt frå eg var liten har eg fått høyre at ting ikkje er bra nok.

Overveldande respons

I motsetning til dette, er dei mange tilbakemeldingane på Facebook svært så positive.

– Eg er overvelda. Folk har tydelegvis lest heile innlegget, eg tenkte dei ville stoppe på halvvegen. Også mange eg ikkje kjenner har komne med positive kommentarar, det gjer inntrykk. Det er sterkt for meg, seier Alexander. Og angrar ikkje på at han la ut ein så personleg tekst.

Angrar ikkje

– Det var naturleg, sist laurdag var det fire år sidan bestefar døydde. Vi var veldig nær, eg tenker på han dagleg. Han var ein fantastisk person, oppmuntra meg og gav meg støtte og mot til å halde ut. Turane med han gjorde at eg blei glad i fjell og natur, ski og snøbrett, fortel Alexander. Han veit også at det er andre der ute som også strevar.

– Kanskje er det litt trøyst å vite at ein ikkje er åleine om slike opplevingar, seier Alexander.

Alexander saman med mor Mariann Oppigard Hanekamhaug – utfordringane har prega heile familien. Foto: Erik Birkeland