– Det er min generasjon og våre barn som får merke konsekvensane av det godt vaksne politikarar vedtek no. Derfor engasjerer vi oss, seier Norunn Brøste Kjersem, leiar for Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Klimakrav

Ungdom i ungdomsråda her i fylket jobbar no med klimakrav som dei formidla til politikarar i kommunane sine.

Bysykkel

Sjølv skulle ho gjerne sett at Molde fekk bysyklar, slike ein kan låne ein stad og sette frå seg ein annan stad.

Buss

Ho poengterer også at mange unge ønskjer å bruke buss, men at mange opplever det som altfor dyrt.

– Som det er no, må ein betale som vaksen etter 16 år. Skal eg ein tur til Kvam og heim med buss, vil det koste meg 72 kroner, seier ho.

– Viktige argument

Ho opplever at vaksne politikarar gjerne vil lytte til unges synspunkt.

– Ungdomsråda er ikkje berre «supperåd». Der det vert jobba godt, blir unge også tekne med i prosessane, seier ho.

– Vi har viktige argument: Når Norge har signert Paris- avtalen, så må vi også bidra for å nå måla som er sett.

Det er kanskje enklare sagt enn gjort, men der vil vi unge henge på og minne dei vaksne på at dette er viktig. Det handlar ikkje om at vi skal fortelje dei kva som er best og rettast, men at vi må ha ein god dialog så dei er klar over kva vi meiner er viktig. Og klimaplanar i kommunane er viktig for at vi skal nå 2-graders målet, seier Norunn Brøste Kjersem.