– Vi har store mengder tal, men er litt i villreie om korleis vi skal forstå dei, seier prosjektleiar Bjørn Gregull, planleggar i Molde kommune.

Materialet er derfor sendt vidare til det danske arkitektkontoret Gehl Architects. Firmaet har erfaring med byplanlegging, og skal medverke til tolking av moldetala.

Ein dag i sentrum

Utgangspunktet var altså ei storstilt registrering torsdag 15. september i fjor, då 18 tilsette ved planavdelinga i Molde kommune var ute i fleire skift, og gjorde registreringar av gåande ved åtte punkt i Molde sentrum. Registreringane gikk frå klokka 08 til 20.

– Kva fann de ut?

– Vi noterte til saman 6.000 personpasseringar, og 426 sykkelpasseringar. Vi synest det er ganske bra tal, det viser jo at det er ein del aktivitet i sentrum, seier Gregull.

– Men fleire har vel blitt registrert fleire gonger?

– Ja, det kan vere, om dei har bevega seg langs heile Storgata frå aust til vest. Men vi tenker uansett at det var godt med folk i byen. Hovudtyngda av passeringar og aktivitet var mellom klokka 14 og 17, aller tettast mellom 15 og 16. Vi fann også at det var ein del fleire kvinner enn menn. Aldersmessig var fordelinga nokså lik mellom ulike grupper, seier Gregull.

Benkane

Registreringane omfatta mengde folk i sentrum, kor dei bevega seg, kor dei stoppa og til dømes brukte benkane.

– Vi såg at nokre benker ikkje var i bruk, medan andre heile tida var opptatt. Benkane på Torget ved Storgata var flittig brukt, og også ved benkane på hurtigbåtkaia var det alltid folk. Kanskje må vi revurdere kor det skal vere sitteplassar, seier Gregull.

Ruter

Registreringa skulle også gi eit bilde av kor i byen folk går.

– Vi såg at mange gikk frå parkeringstunnelen og til Storgata, men den overraskande «tettaste» ruta gikk tvers over busshaldeplassen, frå Narvesen og leskura på den andre sida av plassen, seier Gregull.

– Kva gjer du i byen?

101 personar vart også intervjua om sitt besøk i sentrum.

– Kva opplyste folk?

– 25 prosent sa at dei var på veg til/frå jobb, 20 prosent var der for å handle, 18 prosent passerte på veg ein anna stad, 18 prosent var der for å treffe venner og familie, og 36 prosent oppga «anna». Det blir meir enn 100 prosent, sidan folk kunne gi opp fleire formål. Det var altså nokså variert – og litt kaotisk, seier Gregull, og poengterer at dette er eit læringsprosjekt.

– No er vi spente på kva arkitektbyrået som har erfaring med dette, tolkar ut av tala våre, seier Gregull.

– Korleis er materiale tenkt brukt vidare?

– Alt skal inngå i ein rapport, som vert grunnlag for vidare arbeid med utvikling av sentrum, seier Gregull.

Byprosjekt

Prosjektet er del av «Byen som regional motor», sett i gang av Møre og Romsdal fylkeskommune. Også Ålesund og Kristiansund er med.

– Byane har kvar sine tilnærmingar, med ulike prioriteringar og ulike arbeidsmåtar. Molde har gode planar og orden i sakene, og vi oppfattar at Molde er godt i rute, seier prosjektleiar Kjersti Hasselø.

Ho opplyser at prosjektet som allereie har gått over fire år, no vert forlenga med fire nye år, med nye prosjektmidlar å søke på.