– Svært mange kommunar i Møre og Romsdal har klimaplanar som enten for lengst er utdatert, eller som ikkje er rullert på mange år. Det synest som om klimaarbeidet i kommunane står i stampe, seier Arne Håkon Sandnes, rådgivar i miljøseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ikkje rullert

I haust gjorde han saman med planavdelinga ei større spørjeundersøking om status for arbeidet med nye klima- og energiplanar i kommunane. Denne avdekka at 16 av 36 kommunar i fylket har klimaplanar som er utgått på dato, og ingen hadde rullert planen sidan 2012.

– Her ligg det ein stor jobb og ventar, men berre svært få kommunar har ressursar som er øyremerkt til dette arbeidet, seier Sandnes.

Blir ikkje brukt

Også Romsdals Budstikke har spurt kommunane i vårt område om status for klimaplan, samt kva tiltak som er gjennomført i fjor for å oppfylle mål i klimaplanen, og kva ein ser som det viktigaste å gjere i 2017 for å oppfylle mål i klimaplanen. (Sjå også tabell)

I svara vi har fått, vektlegg fleire innsats for å kutte energibruk i kommunale bygg, og satsing på gang- og sykkelveg. Nokre påpeiker at planen ikkje er aktivt brukt.

Klimanettverk

For å hjelpe kommunane i gang igjen med klimaplanarbeid, er fylkeskommunen no i gang med å etablere eit klimanettverk for kommunar og andre aktørar.

– Målet er at forumet skal medverke til at ting kan skje, og vere meir enn ein arena for erfaringsdeling. Her kan kommunane sjølve vere med og definere kor skoen trykker. Kanskje kan det også finnast midlar, seier Sandnes og rådgivar Anders Røynstrand på planavdelinga.

– Bør rullere

– Det er no på tide at kommunane ser på klimaplanane sine på nytt, mykje har skjedd dei seinare åra. Det har kome ny teknologi, og ikkje minst er det nye politiske målsettingar som skal følgjast opp, seier Røynstrand.

Energibruk

Undersøkinga frå i haust viser at innsatsen i kommunar så langt i stor grad er knytt til energibruk.

– Å sjå på energibruk er stadig aktuelt, like eins utslepp. Eit viktig element er dessutan arealplanlegging, poengterer Røynstrand.

– Klimaplan viktig

– Kommunane er svært viktige aktørar. Skal ein oppnå måla som er sett om kutt av klimagassar, må det skje på alle sektorar. Dermed er det behov for klimaplanar som samordnar og har oversikt. Slike planar omfattar i første rekke kommunens eigen organisasjon, men kan eigentleg gjerne omfatte lokalsamfunnet i eit større perspektiv. Kommunale planer legg rammer også for næringsliv og private, og påverkar dermed klimautslepp i ein større samanheng, seier Røynstrand.

Kompiskøyring og sykkelkjøp

Ein del kommunar opplyser om etablering av gang- og sykkelveg som trafikksparande tiltak, og fleire kommunar har invester i elbil mellom anna til heimetenesta.

Mellom tiltaka finst også litt meir «kreative» tiltak, som oppmoding om kameratkøyring, og innkjøp av syklar for å stimulere til auka sykkelbruk.

Etterlyser plan

Naturvernforbundets avdeling i Molde har etterlyst ny klimaplan hos Molde kommune.

– Det er sjølvsagt viktig å få ein slik plan på plass snarast råd er, for å vere med å realisere lokalt dei klimamåla vi har signert i Parisavtalen. Tenke globalt, handle lokalt, seier Kjell Lyse i lokallagsstyret.

Han poengterer at kommunen er sentral, og håper Molde kommune får på plass oppdatert klimaplan så snart råd er.

Molde kommune har svart at ny plan skal vere på plass innan 2020.

– Da reknar vi med at den gamle gjeld enn så lenge – faktisk er planen frå 2008 både konkret og god, og eit bra utgangspunkt å bygge vidare på, seier Lyse.

Arne Håkon Sandnes. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune