Det seier Heidi Jordahl ved planavdelinga i Gjemnes kommune.

Prioritering

Klimaplan for Gjemnes galdt for perioden 2012–2016.

– Då planen vart utarbeidd, fekk vi støtte av Enova til det. Ein del av det som står i planen, er vel nokså høgtsvevande, og når det kjem til det å følge opp, har det vist seg vanskeleg, seier Jordahl. Ho relaterer dette til ressurssituasjonen. Jordahl viser til at Gjemnes har stått på Robek-lista, og at kommunen har måtte prioritere lovpålagde miljøoppgåver fram for klimaplantiltak.

Likevel ingen elbil

Mellom tiltaka som er nemnde i planen som skulle redusere energibruk og utslepp, var innkjøp og drift av minst ein elbil.

– Det har vore snakk om dette, men er nok ikkje gjennomført. Vi har hatt innkjøpsstopp, seier Jordahl.

På energibruksida har kommunen abonnert på oppfølging hos kraftleverandør, utan at dette har hatt ønska effekt.

Kuttar bilbruk

Mellom tiltaka som er realisert, er bygging av gang- og sykkelveg frå Batnfjordsøra til Silset.

– Dette var muleg sidan Statens vegvesen hadde midlar. Når det gjeld tiltak for å redusere bilbruk, følgjer vi lojalt oppmodinga om kompiskøyring eller buss, vi samordnar alltid køyring om vi skal til møte eller samlingar andre stader, poengterer Jordahl.

Ikkje på rulleringsliste

Ho meiner småkommunar treng ekstra pådriv og tilskot for å halde klimafokus.

– Sjølv om vi kan søke på midlar, er det ofte krav om at kommunen sjølv betaler halvparten – da går det ikkje. Utan økonomi vert klimaplan fort ein skuffeplan, seier Jordal.

Det er heller ikkje lagt opp til ny klimaplan for Gjemnes.

– Det er stadig meir fokus på klima, så det er jo eit paradoks at klimaplanen ikkje når opp på prioriteringslista. Men med kamp om ressursane, er det vel ofte at klimaet taper, seier Jordahl.