Han tolkar det ikkje som mistillit. – Nei, eg gjer ikkje det. Høgre var største parti ved valet, med det som bakgrunn hadde dei nok sett for seg å få ordføraren. Men dei stilte ikkje forslag på kandidat. Det å stemme blankt er nokså uvanleg i eit ordførarval, meiner Odd Helge Gangstad (Sp).

Nå kan han sjå tilbake på to år som ordførar, der det har vore storm – og lite stille. Det har vore tøffe tak. Ikkje før var språkstriden over før det vart kommunereform og sentrumsutvikling med Antonbua som brennheite tema.

– Kommunereforma skapte eit enormt engasjement. Kor utfordrande var det?

– Eg vil i alle fall gje honnør til politikarar som vil kome vidare. Men det var tøft, med steile frontar. Og det er ein strid som framleis ligg latent. Om ikkje intensjonsavtalen med Molde vert like god som den står skrevet, kan det verte meir bråk.

– Kor tungt var det at din eigen gruppeleiar var den som braut ut og avgjorde då Midsund valde Molde framfor Aukra?

– Ja, det vart då slik. Eg fekk visse signal i forkant, men det var uvisst til det siste. For han var det nok økonomien i avtalen som var avgjerande. Utfallet kom på overtid.

– Ordførar og varaordførar var heller ikkje på bølgelengde?

– Vi kjempa for kvar vår løysing, eg så mot Aukra, Frits Inge Godø mot Molde. Det var ei vanskeleg tid, mildt sagt. Samtidig var nesten heile rådmannskollegiet i Romsdal for ei løysing med Molde. Dei såg nok dette frå ei litt anna vinkling.

Må følge opp

Gangstad aksepterer retningsvalet, og jobbar nå for gode løysningar før Midsund frå 2020 vert med i nye Molde kommune saman med Nesset.

– Du er bonde av yrke og er med i Søre Midøy Samdrift. Når var det sist du mjølka Dagros?

– Det var ein tysdag i haust, kjem det kjapt. – Det var litt uvant, lenge sidan førre gong. Men vi har ein god avløysar når eg er borte, han går forresten rundt i fjøset og kallar seg varaordførar. Men eg skal ta eit tak både i våronna og slottsonna.

– Er ordføraren i Midsund meir opptatt av havbruk enn jordbruk?

– Havbruksnæringa er i alle fall stor, vi heng godt med i utviklinga. Det er også mange unge som satsar, med positive haldningar smittar over på andre. Nå skal vi få på plass havbrukssenteret, der vi kan hjelpe til med å utvikle næringa vidare.

Ordføraren er også spent på kva som vil skje med hjørnesteinsbedrifta Midsund Bruk, som nyleg vart seld.

– Møreaksen vil gjere Midsund til eit knutepunkt. Er dykk førebudd på moglegheiter prosjektet gir?

– Vi må vere førebudd. Ikkje berre til Møreaksen kjem, men også til etter bompengeperioden. Vi må sjå både 10 og 30 år fram i tid. Vi må sette av næringsareal og område til bustad- og fritidsformål. Vi er i gang.

– Er organisasjonen førebudd på det arbeidet som krevst?

– Vi har ein liten administrasjon, dei som er der gjer ein fantastisk jobb. Vi er tett på kvarandre. Men vi må heilt klart kjøpe tenester for å få utført nye oppgåver.

– De er opptatt av tryggleik og nærpoliti. Har du sett fleire i politiuniform i Midsund?

– Nei, det har vi ikkje. Vi opplever råkøyring, i jula vart det meldt om tilfelle av promillekøyring. Midsund skal ut frå politireforma ha fire i politiet. Vi må i det minste kjempe for at nokon i etaten også bur her.

– Er det godt å kunne bygge næringsbygg og skole der rekninga vert sendt til Molde?

– Det er i alle fall ikkje direkte ubehageleg. Det hadde knapt gått utan den avtalen.

– Tilbake til språkstriden, et ordføraren grøt eller graut?

– Her er det graut! Det kan vere naturleg å ta opp igjen språkspørsmålet når vi skal inn i den nye kommunen, antydar Midsund-ordførar Odd Helge Gangstad.

agnar gjendem Foto: Agnar Gjendem
På nøytral grunn signerte ordførar Bernhard Riksfjord (t.v.) i Aukra og kollega Odd Helge Gangstad i Midsund intensjonsavtalen om å gå saman i ein kommune. Slik vart det ikkje. Foto: Agnar Gjendem
Eit bilde som illustrerer meir enn ord stemninga både i arbeidet med kommunereforma og når det vert søkt rom for nye investeringar, men pengar ikkje finst. Frå. v. rådmann Ketil Ugelvik, ordførar Odd Helge Gangstad og varaordførar Frits Inge Godø. Foto: Bjørn Brunvoll